Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Program for flyktningar frå Ukraina

Helse Bergen har tatt initiativ til å utvikle eit program for flyktningar frå Ukraina med informasjon om moglege psykologiske reaksjonar og opplevingar som følgje av det å vere flyktning, og verktøy til å handtere dei.

Publisert 24.06.2022
Sist oppdatert 28.07.2022
Grafisk brukergrensesnitt
Programmet er presentert og diskutert i Pandemikoordineringsgruppa og fulgt opp i møteserie «Psykososial støtte, psykiatrisk behandling» mellom Helse Bergen og kommunane. 

Målsettinga med programmet er å informere om moglege psykologiske reaksjonar og opplevingar som følgje av det å vere flyktning. Programmet inneheld også enkle øvingar og verktøy som kan vere til hjelp for å redusere stress og bearbeide vanskelege reaksjonar. Programmet er primært retta mot flyktningar, men kan og vere til nytte for helsepersonell. 

Programmet er delt inn i fem modular med ulike tema: 

Modul 1: Normale tankar, kjensler, handlingar og kroppslege reaksjonar etter krig og flukt.

Modul 2: Korleis lage gode rutinar og handtere ein ny kvardag


Modul 3: Søvn 

Modul 4: Uro og bekymring – korleis takle stress, tankekøyr og angst

Modul 5: Korleis ta vare på barn og vere omsorgsperson i krise

Programmet er utvikla av Helse Bergen, Youwell og Regionale ressurssentre om vald, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS). 

Faginnhaldet er henta frå RVTS og Helse Bergen. Det er strukturert og bearbeidd​ av DigiHub i Helse Bergen. Kognitiv atferdsterapi er brukt som metode, og øvingane er ulike mindfulness- og pusteøvingar. 

Plattformen er levert av Youwell og laga slik at ingenting blir lagra eller delt. Løysinga inneheld heller ikkje personopplysningar. Brukarane vil likevel ha moglegheit til å gi tilbakemeldingar på programmet gjennom ei anonym teneste. 

Programmet er oversett til ukrainsk og russisk av Tolkenett AS. Temaa er testa på ei​gruppe flyktningar ved hjelp av tilsette i Rask psykisk helsehjelp i Bergen kommune. I tillegg blir språk og innhald kvalitetssikra av språkassisistentar med helsefagleg og ukrainsk/russisk bakgrunn. 

Det er spesifisert at dette er eit program om moglege reaksjonar og opplevingar som flyktning og at ein ikkje vil få kontakt med helsepersonell via programmet. Det blir oppfordra til å kontakte helsevesenet ved behov, og det er også er lagt ved link til helsenorge.no,  der ein finn informasjon om korleis ein går fram for å søke helsehjelp i Noreg. 

Vi publiserer no versjon 1 av programmet. Utover sommaren og hausten vil vi revidere programmet og gjere endringar i språk, innhald og tema ut frå tilbakemeldingar frå brukarar og helsepersonell. 

Programmet finn​ de her: https://ukraine.youwell.no/​