Palliativ sengepost inn i Glasblokkene
Palliativ sengepost flyttar inn i Glasblokkene hausten 2023. Ei delt løysing med Kvinneklinikken gjev samtidig rom for ekstra barselplassar dersom det blir behov for det.
Publisert 15.03.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
Den palliative verksemda vil disponere 10 einerom, medan 5 rom blir ein reservekapasitet som kan takast i bruk som barselplassar. 5. etasjen som no vert tatt i bruk ligg i blokk fem, nærast Sentralblokka.
Dynamiske bygg
- Vi må kunne endre innhaldet i bygga våre etter behova vi har til ein kvar tid. Fødselstala har gått ned og utvikla seg i ein heilt annan retning enn vi la til grunn då Glasblokkene vart planlagt. Dette har tidlegare gitt plass til gynekologisk avdeling. Når vi no treng plass til dei palliative pasientane, er vi glad for at det er rom også for denne gruppa i det nye bygget vårt.
- Vi er glad for at vi endeleg har landa ei god plassering for dei palliative pasientane. Eininga har vore lokalisert i Sentralblokka med liten plass sidan vi overtok verksemda frå Haraldsplass for eit år sidan. No er vi trygg på at vi har dei lokala og omgjevnadane vi treng for å kunne gje god behandling og omsorg til pasientar i siste fase av livet. Når vi tar i bruk 5. etasje sørger vi samtidig for å ha ekstra barselplassar dersom vi treng dette når Kvinneklinikken skal etablere sin aktivitet i eit nytt bygg, seier administrerande direktør Eivind Hansen.
Femte etasje blir delt i to soner. Dei palliative pasientane vil halde til i den delen av etasjen som vender ut mot Bergen by. Dei fem barselplassane vert lagt til delen av etasjen som vender mot Ulriken. Her går det bru over til trinn 1 der Kvinneklinikken vil få dei fleste av kontora sine. Det er godt tilrettelagt for skjerming mellom dei to ulike postane. Det er også enkel tilkomst til etasjene under der Kvinneklinikken har sine føde- og barseleininger.
- Det å få svært godt egna lokalar til den palliative sengeposten, samt moglegheit til å auke sengetalet, vil ha stor betydning for denne pasientgruppa og deira på rørande. I dag ligg mange på ulike sengepostar i Sentralblokka, ofte på fleirsengsrom – og midt i all anna aktivitet på sjukehuset. I Glasblokkene får alle einerom med eige bad. Palliasjon handlar om å ta vare på heilskapen. Det inneber hjelp til lindring av smerte, kvalme og andre symptom mot slutten av livet. Men det handlar også om å ha rom for samtalar, avklare og avslutte ting og møte både andelege og eksistensielle behov. Det er også avgjerande å kunne ha dei pårørande rundt seg. No får vi lokaler med utsyn og rom for dette, seier Hanne Klausen, direktør for Kirurgisk serviceklinikk.
Femte etasje blir delt i to soner. Dei palliative pasientane vil halde til i den delen av etasjen som vender ut mot Bergen by. Dei fem barselplassane vert lagt til delen av etasjen som vender mot Ulriken. Her går det bru over til trinn 1 der Kvinneklinikken vil få dei fleste av kontora sine. Det er godt tilrettelagt for skjerming mellom dei to ulike postane. Det er også enkel tilkomst til etasjene under der Kvinneklinikken har sine føde- og barseleininger.
Ro og omsorg i livets siste fase
For den palliative verksemda inneber flyttinga eit stort og etterlengta løft.- Det å få svært godt egna lokalar til den palliative sengeposten, samt moglegheit til å auke sengetalet, vil ha stor betydning for denne pasientgruppa og deira på rørande. I dag ligg mange på ulike sengepostar i Sentralblokka, ofte på fleirsengsrom – og midt i all anna aktivitet på sjukehuset. I Glasblokkene får alle einerom med eige bad. Palliasjon handlar om å ta vare på heilskapen. Det inneber hjelp til lindring av smerte, kvalme og andre symptom mot slutten av livet. Men det handlar også om å ha rom for samtalar, avklare og avslutte ting og møte både andelege og eksistensielle behov. Det er også avgjerande å kunne ha dei pårørande rundt seg. No får vi lokaler med utsyn og rom for dette, seier Hanne Klausen, direktør for Kirurgisk serviceklinikk.
Ein vil no auke talet på palliative senger gradvis frå dei fem ein har i dag til 10.
- Areala i Glasblokkene vil heve kvaliteten på tilbodet til denne gruppa betrakteleg. I tillegg vil vi altså kunne tilby dette til langt fleire enn vi kan i dag, seier Klausen.
Eininga er plassert i blokka nærast Sentralblokka. Via gangbrua over til Sentralblokken er det god forbindelse til dei ulike kliniske miljøa kor dei fleste av dei palliative pasientane vert rekruttert ifrå. Ei styrka palliativ funksjon vil også avlaste andre avdelingar i sjukehuset. Dette gjeld også gynekologisk sengepost som blir lokalisert i Glasblokkene.

Betre plass for barsel ved behov
Kvinneklinikken er også nøgd med den nye løysinga.
- Fødselstala har gått ned frå 5300 i 2016 til omlag 4300 i 2022. Det gjer at periodane med mange fødande på same tid inntreff sjeldnare, og vi har god nok plass til føde- og barselfamiliane i dei etasjane vi har planlagd aktivitet i til no. Samstundes er det trygt å ha desse reserveplassane i etasjen over som no lett kan takast i bruk. I ein oppstartsfase der vi skal etablere stor aktivitet og nye arbeidsformer i nye lokalar gir dette oss naudsynt fleksibilitet, seier Susanne Albrechtsen, direktør ved Kvinneklinikken.

Skjer det større endringar i fødselstala som gjer at Kvinneklinikken i framtida treng meir plass, vil det være mogeleg å finne plass også til dette.
- Vi har og skal alltid ha plass til alle i moderne tilrettelagde areal der familiebasert omsorg er i sentrum, seier Albrechtsen.
- Vi har og skal alltid ha plass til alle i moderne tilrettelagde areal der familiebasert omsorg er i sentrum, seier Albrechtsen.
Dynamiske bygg
Eivind Hansen er opptatt av at sjukehusbygg er og må være dynamiske.
- Vi må kunne endre innhaldet i bygga våre etter behova vi har til ein kvar tid. Fødselstala har gått ned og utvikla seg i ein heilt annan retning enn vi la til grunn då Glasblokkene vart planlagt. Dette har tidlegare gitt plass til gynekologisk avdeling. Når vi no treng plass til dei palliative pasientane, er vi glad for at det er rom også for denne gruppa i det nye bygget vårt.
Enkelte er uroa for korleis det vil bli med palliative pasientar vegg i vegg med føde- og barselkvinnene. Hansen er ikkje blant dei.
- Sjukehus handlar i botn og grunn om både liv og død. Både starten og slutten av livet er ein naturleg del av det vi gjer på Haukeland. Samtidig er det klart at det er behov for skjerming mellom desse to ulike verksemdene og pasientgruppene i kvardagen. Det er det altså gode moglegheiter for i 5. etasje.
Evaluering etter eit år
Plasseringa av den palliative sengeposten har vore grundig utgreia og drøfta. Dei tilsette sine representantar stiller seg bak avgjerda, og understreker samstundes behovet for god kommunikasjon og samarbeid mellom dei to ulike verksemdene som no skal dele etasje. Brukarutvalet i Helse Bergen har og gitt si tilslutning til saka.
Arbeidsmiljøet er blant det som vil inngå i ei meir omfattande evaluering eit år etter innflytting.
Arbeidsmiljøet er blant det som vil inngå i ei meir omfattande evaluering eit år etter innflytting.