Nytt digitalt behandlingstilbod for pengespelavhengige
Om lag 100 000 nordmenn er antatt å ha problem med pengespel. Mange slit i stillheit, prega av stigma og skam. No lanserer Helse Bergen eit nytt digitalt behandlingstilbod som skal gjere det enklare å få hjelp – utan behov for tilvising frå fastlege.
Det nye eBehandlingsprogrammet for pengespelavhengigheit er utvikla i samarbeid med fleire aktørar og er tilgjengeleg gjennom appen "Poeng". Behandlinga kan startast ved at pasienten sjølv tek direkte kontakt via Helsenorge.no. Heile forløpet skjer digitalt gjennom meldingar og videokonsultasjonar.
– Vi veit at spelavhengigheit er ei stor psykisk belasting og kan ha alvorlege konsekvensar for både den enkelte og deira næraste. Med dette behandlingstilbodet kan vi nå ut til fleire og fange opp personar i ein tidleg fase, seier Erlend Wittrup Djup, seksjonsleiar ved Poliklinikk Engenhuset i Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen.

Tilgjengeleg uansett kvar du bur
André Syvertsen, psykolog ved poliklinikken, understrekar at tilgjengelegheit har vore eit viktig fokus i utviklinga av programmet.
– Vi har valt ein app fordi det er ein føretrekt kanal for dei som har høgast risiko for å utvikle pengespelavhengigheit. Behandlinga er tilgjengeleg uansett kvar du bur, noko som reduserer barrierar knytt til geografi og tid, seier Syvertsen.

Slik fungerer behandlinga
Behandlinga går over 12 veker og inneber mellom anna:
- Aksept av problemet
- Strategiar for å ta tilbake kontrollen over spelinga
- Handtering av risikosituasjonar
Appen "Poeng" er brukartesta i samarbeid med foreninga Spillavhengighet Norge og fagpersonar, og både pasientar og behandlarar har vore involverte i utviklinga.
Del av ei større satsing
Dette er det nyaste tilskotet i rekkja av eBehandlingsprogram i Helse Bergen. Frå før finst tilbod for mellom anna depresjon, sosial angst og panikkliding, og forskingprosjektet minADHD. Fleire nye program er under utvikling.
Her er meir informasjon om behandlingstilbodet >>
Her er søknadsskjema for søknad om eBehandling >>
Fakta om pengespelavhengigheit
Pengespelavhengigheit er kjenneteikna ved at spelaktiviteten har komme ut av kontroll og påverkar tankar, kjensler og åtferd. Dette kan ha store konsekvensar for familie, vener og økonomi. Typiske pengespel inkluderer automatspel, sportsbetting, nettbaserte spel, bingo og lotteri.