Nettverkskonferansen for simulering i helsetenesta - Bergen 29.-30. mai
Jobbar du med simulering, er interessert eller nysgjerrig på simuleringsbasert læring eller lurar på kva simulering kan bidra med på din arbeidsplass? Bli med på denne spennande konferansen i Bergen!
Publisert 10.04.2024
Sist oppdatert 21.02.2025

MedSim Norge står bak nettverkskonferansen og målet med konferansen er at alle miljø som nyttar simuleringsbasert læring i helseteneste og utdanning skal ha eit treffpunkt for erfaringsutveksling, få fagleg påfyll, bli oppdatert på forsking og få inspirasjon til vidare simuleringsarbeid. Føredragshaldarar frå inn- og utland og gode workshopar løftar konferansen til eit høgt nivå det er verdt å få med seg.