På grunn av kapasitetsutfordringar hos tidlegare avtalepart har Helse Bergen hatt mellombelse transportøravtaler for køyring av pasientreiser med rekvisisjon i desse områda sidan 1.november.
Dei mellombelse avtalene har bidratt positivt på kapasiteten og ventetider i Bergen og områda rundt.
No er nye langsiktige transportøravtaler på plass for desse områda og avtalane trer i kraft frå 19.desember 2022. Det blir ingen endringar i praksis, då dei same leverandørane er tildelt områda på nytt.
Følgande transportørar er tildelt nye avtaler i følgande område:
Åsane/ Arna
• Rullestolbil - Bergen taxi
• Vanleg taxi - Christiania taxi
Haukeland Universitetssjukehus (5021)
• Vanleg taxi (til destinasjonar i Bergen, Askøy og Øygarden) - Taxi 1