Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny leiar for Brukarutvalet i Helse Bergen

Frå årsskiftet er Eli Sjo ny leiar for Brukarutvalet i Helse Bergen, med ambisjonar om å styrkje brukarmedverknaden på systemnivå og utvikle samarbeidet mellom helseføretaket og pasient- og brukarorganisasjonane.

Publisert 20.01.2025
Sist oppdatert 21.02.2025
Dame i grønn park
Eli Sjo er ny leiar av Brukarutvalet i Helse Bergen.

– Vi skal vere ei tydeleg stemme i strategiske og prinsipielle saker, samstundes som vi styrkjer dialogen med pasient- og brukarorganisasjonane, seier Eli Sjo.

I rolla som leiar ser ho føre seg ei meir integrert brukarmedverknad, der erfaringar frå pasientar og brukarar i endå større grad blir ein naturleg del av avgjerdsprosessane i helsevesenet.

Ho peikar òg på behovet for å utvikle nye samarbeidsformer for å møte utfordringar som mangel på helsepersonell og behovet for å styrkje eigenomsorg blant pasientar.

– Pasient- og brukarorganisasjonane er ein ressurs som helsevesenet kan nytte endå betre i tida framover. Vi spelar ei nøkkelrolle i å støtte pasientane og avlaste helsetenestene, seier ho.

Ho ønskjer mellom anna at Brukarutvalet i større grad skal bidra til innovasjon i helsesektoren ved å utfordre og utvikle etablerte arbeidsformer.

Ei stemme for alle pasientgrupper

Som leiar er Sjo oppteken av at Brukarutvalet skal representere alle pasientgrupper, også dei som ikkje har sterke interesseorganisasjonar i ryggen.

– Vi skal vere bevisste på korleis innspela våre påverkar ulike grupper og sørgje for at alle blir høyrde, også dei som ikkje ropar høgast, seier ho.

Eli understrekar at Brukarutvalet vil halde fram med å stille kritiske spørsmål og utfordre leiinga i Helse Bergen der det er nødvendig, men med fokus på konstruktiv dialog og samarbeid.

– Vi skal vere tydelege, men alltid respektfulle. Målet vårt er å bidra til eit betre helsevesen for alle, og då må vi finne gode løysingar saman, seier ho.

Med eit sterkt team i ryggen ser Eli Sjo fram til å leie Brukarutvalet inn i ein ny fase med merksemd på innovasjon og samarbeid.

Les meir om Brukarutvalet her >>