Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Norsk koronavaksinestudie treng friske frivillege
Ein norskutvikla koronavaksine vert testa ut på Klinisk forskningspost på Haukeland.
– Dette er viktig og meiningsfull forsking.
Publisert 15.11.2021
Sist oppdatert 21.02.2025
Onsdag forrige veke vart den aller første dosen av ein norskutvikla koronavaksine sett på Haukeland universitetssjukehus. Det er det norske bioteknologiselskapet Vaccibody som i tett samarbeid med Haukeland- og Oslo universitetssykehus som står bak studien.
– Dette er viktig og meiningsfull forsking. Det er behov for nye verktøy for å bekjempe pandemien, seier Camilla Tøndel, overlege ved Klinisk forskningspost på Haukeland universitetssjukehus.
Forsøkspersonane som kan delta i studien er friske mennesker mellom 18 og 60 år som fekk andre dose med mRNA-koronavaksine for minst seks månader sidan. Det betyr at det per i dag nesten berre er helsepersonell som kan delta.
- Dette er norsk innovasjon basert på avansert genteknologisk forsking. All forsking så langt talar for at denne vaksinen skal gi godt vern mot korona, seier Camilla Tøndel.
Studiesjukepleiarane Mari Holsen og Marianne Lehmann gjer klar vaksinen.
Influensasenteret
- Det er spennande med ein heilt nålefri og norskprodusert vaksine, seier utprøvar Kristin Greve-Isdahl Mohn som har stor tru på prosjektet. Ho er overlege ved Infeksjonsmedisinsk avdeling på Medisinsk klinikk og arbeidar tett saman med professor Rebecca Cox, leiar av Influensasenteret.
- Vaccibody si koronavaksine er utvikla for å gi god immunitet mot ulike variantar virus, seier Cox som er sentral i labatoriearbeidet i studien. Ho er spent på den immunologiske responsen på denne nye koronavaksinen.