Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

No kan kreftpasientar få CAR-T-behandling i Bergen

Kreftklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er godkjent for å gjennomføre CAR-T behandling, som blir kalla neste generasjons immunterapibehandling.

Publisert 27.01.2025
Sist oppdatert 21.02.2025
Ei gruppe menneske som sit rundt eit bord
Talar, kaker og god stemning då Kreftklinikken markerte at dei er godkjent

Det vil seie at neste pasient i Helse vest med lymfomresidiv og som er aktuell for CAR-T, kan bli behandla i Bergen.  Fram til no har denne behandlinga berre vore tilgjengeleg på Oslo universitetssjukehus. Denne veka markerte Kreftklinikken det nye behandlingstilbodet.

- Det er mange store ting som skjer i klinikken vår for tida, og dette er ein av dei, sa ein stolt klinikkdirektør Oddbjørn Straume til dei frammøtte.

- Dette er høgteknologi som er på nivå med protonsatsinga vår- men her snakkar vi om bitte små superceller.

Enkelt forklart betyr CAR T-celleterapi at ein type immuncelle, T-celle, blir omprogrammert til å gå til angrep på og drepe kreftceller.
- Teknologien kjem til å bre om seg, her snakkar vi både om langtidsoverleving og kurasjon, sa Straume. 

Han takka sine eigne medarbeidarar, med overlege Renate Berget Galleberg i spissen, for godt arbeid. Galleberg kvitterte med å dele takken med mange fleire, både i eigen klinikk og hos Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT).
- Dette hadde ikkje vore mogleg utan eit veldig godt samarbeid, understreka ho.


Det var i styremøte i Helse Vest i august det vart vedtatt at Haukeland universitetssjukehus skulle få regionalt ansvar for å behandle pasientar på Vestlandet med CAR-T.


– Dette betyr at alvorleg sjuke pasientar kan få behandlinga nærare heimstaden sin, sa  Straume då.

– Behandlinga er innført for tre ulike indikasjonar i Noreg no, men det vil truleg kome fleire, fortalde Gunnar Mellgren, direktør ved Laboratorieklinikken, HUS.

Her kan du lese meir:
Kreftpasientar kan få CAR-T-behandling i Bergen i 2025 - Helse Bergen HF


FAKTA

  • Haukeland universitetssjukehus har fått regionalt ansvar for å behandle pasientar på Vestlandet med CAR-T frå første halvår 2025.
  • CAR T-celleterapi blir kalla neste generasjons immunterapibehandling.
  • Immunterapi aktiverer pasienten sitt eige immunforsvar, noko som bidreg til at immunsystemet klarer å identifisere og angripe kreftceller. Dette fører til at veksten av kreftcellene blir bremsa eller stoppar opp.
  • I CAR-T-behandlinga blir pasienten sine eigne kvite blodceller hausta og genmodifiserte.
  • Dei siste ti åra har denne behandlinga gått frå å vere lovande til å bli etablert behandling for pasientar med leukemi og lymfekreft.