Her er ein oversikt over korleis du kan reise kollektivt med buss eller bybane til og frå Haukeland universitetssjukehus frå og med 21. november:
Frå Bergen nord og Nordhordland til Haukeland universitetssjukehus:
• Linje «27 Haukeland sjukehus» frå Åsane terminal og NHH (køyrer gjennom Fløyfjelltunnelen).
• Linje «12 Lægdene/Montana» frå Lønborglien, NHH og Sandviken.
• Linje «16E Nesttun terminal» frå Øyjorden, NHH og Sandviken.
• Reisande frå Nordhordland kan ta linje 300 eller 340 til Åsane terminal og byte til linje «27 Haukeland sjukehus».
Frå Bergen vest, Øygarden og Askøy til Haukeland universitetssjukehus:
• Linje «2 Kaigaten» frå Fyllingsdalen terminal.
• Linje «5 Sletten» frå Fyllingsdalen terminal.
• Linje «6 Birkelundstoppen» frå Lyngbø og Laksevåg.
• Linje «20 Nesttun terminal» frå Storavatnet terminal, Loddefjord terminal, Laksevåg.
• Reisande frå Øygarden og Askøy kan byte til linje «20 Nesttun terminal» ved Storavatnet terminal eller til linje «2 Bergen sentrum» i sentrum (Bybanen).
Frå Bergen sør, Os og Landås til Haukeland universitetssjukehus:
• Linje «5 Fyllingsdalen terminal» frå Sletten.
• Linje «6 Lyngbø» frå Birkelundstoppen og Landåstorget.
• Linje «12 Lønborglien» frå Mannsverk, Lægdene/Montana.
• Linje «20 Storavatnet terminal» frå Nesttun terminal, Birkelundstoppen, Landåstorget.
• Reisande frå Os, Lagunen, Ytrebygda og Bønes kan ta buss til Kristianborg og byte til linje «2 Bergen sentrum»(Bybanen) til haldeplass «Haukeland sjukehus, bybanehaldeplass».
Frå Bergen sentrum til Haukeland universitetssjukehus:
• Linje «2 Fyllingsdalen terminal» (Bybanen) frå Kaigaten og Bergen busstasjon.
• Linje «5 Sletten» frå Festplassen.
• Linje «6 Birkelundstoppen» frå Festplassen.
• Linje «12 Lægdene/Montana» frå Olav Kyrres gate.
• Linje «16E Nesttun terminal» frå Småstrandgaten
Korleis kjøper eg billett og kva billettype passar for meg?
Det er tilrådd å laste ned Skyss Billett-app og kjøpe billett her. For dei som reiser meir enn 5 enkeltreiser i veka, lønner det seg med periodebilletten på 30-dagar. Det betyr at det lønner seg med periodebillett sjølv om du òg jobbar litt frå heimekontor. Skyss tilbyr òg 7 og 180-dagars billettar. Reiser du med enkeltbillett, kan du òg kjøpe SMS-billett eller kjøpe billett om bord med bankkort eller kontantar.
Bruk gjerne òg appen Skyss Reise for å finna avgangane som passar best for deg.