Markering av 20 års samarbeid med Trond Mohn forskningsstiftelse
Heile sjukehuset var invitert til Fredagsmøtet, for å markere og feire det sterke samarbeidet mellom Haukeland universitetssjukehus og Trond Mohn forskningsstiftelse. Blant dei frammøtte var Trond Mohn sjølv, noko som gjorde høvet ekstra spesielt.
I over 20 år har Trond Mohn forskningsstiftelse spelt ei avgjerande rolle for forskingsmiljøa ved Haukeland universitetssjukehus, med viktige bidrag til å styrkje forsking og utvikle kompetanse. Administrerande direktør Eivind Hansen opna møtet med å takke stiftinga for det langsiktige engasjementet.
– Trond Mohn og stiftinga har gjennom to tiår bidrege med over 200 millionar kroner til viktige forskingsprosjekt. Samstundes har stiftinga vist ein imponerande evne til solid forvalting og har stilt høge krav til kvalitet. Det er ei glede å motta slike midlar, men òg eit stort ansvar. Vi skal gjere oss verdige til den tilliten vi har fått, sa Hansen.
Han trekte òg fram sjukehuset sin privilegerte posisjon: – Vi er heldige både som institusjon og som by. Samarbeidet mellom Haukeland universitetssjukehus, Trond Mohn forskningsstiftelse og Universitetet i Bergen har vore sentralt dei siste 20 åra. No ser vi fram til å styrkje partnerskapet med Universitetssjukehuset i Nord-Noreg og Universitetet i Tromsø, som har blitt ein viktig del av dette nettverket. Det er særleg gledeleg å ha Anne Husebekk frå Universitetet i Tromsø til stades i dag, sa Hansen.
Viktig for forskingsmiljøa
Mange forskarar har fått tildelingar til viktige prosjekt. Prosjektleiarar frå tre av forskingsmiljøa som har fått støtte frå Trond Mohn forskningsstiftelse heldt innlegg.
CAMRIA og MRCRM med støtte frå Trond Mohn forskningsstiftelse
MMIV, CAMRIA og MRCRM med støtte frå Trond Mohn forskningsstiftelse
Leif Oltedal, leiar for Mohn Medical Imaging and Visualisation Centre (MMIV), heldt det første innlegget.
– Etableringa av MMIV og det avanserte utstyret hadde ikkje vore mogleg utan støtta frå Trond Mohn forskingsstifting og Trond Mohn sjølv. Radiologisk avdeling har motteke betydelege gåver, inkludert fleire MR-maskiner, PET-CT-ar og ein banebrytande fotonteljande CT som vert opna neste veke. Med dette utstyret har det òg vakse fram eit sterkt fokus på å bruke teknologien til forsking.
Ingrid Smith er prosjektleiar for CAMRIA – om antibiotikaresistens og media.
– CAMRIA har som mål å fremje tverrfagleg forsking som adresserer dei komplekse utfordringane knytte til antibiotikaresistens, sa Smith.
CAMRIA vart etablert med ei grunnløyving frå Trond Mohn forskningsstiftelse og blir støtta av Haukeland universitetssjukehus, Stavanger universitetssjukehus og Universitetet i Bergen.
Einar Klæboe Kristoffersen er leiar for Mohn Research Center for Regenerative Medicine (MRCRM). Forsingssenteret er finansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse og har som mål å utvikle avanserte cellebaserte terapiformer for å reparere eller erstatte skadde celler og vev.
– MRCRM ønskjer å vere eit samlingspunkt for forskarar innan regenerativ medisin i Bergen. Gjennom å fremje grunnforsking og styrkje overgangen til klinisk praksis, skal senteret bidra til å gjere nye behandlingsmetodar tilgjengelege for pasientar. Med støtta frå Trond Mohn forskningsstiftelse har senteret ambisjonar om å bli ein leiande aktør, sa Kristoffersen.
Trond Mohn heidra sjukehuset sine tilsette og viktige satsingar
Trond Mohn og stiftinga har gjennom åra vore ein viktig samarbeidspartnar for sjukehuset, noko som har lagt grunnlaget for fleire viktige satsingar og prosjekt.
Til slutt tok Trond Mohn sjølv ordet og retta ein varm hyllest til dei tilsette på sjukehuset, som kvar dag dedikerer seg til å hjelpe andre.
– Vi har eit ordtak som seier: Må du leve, blomstre, skape – og alltid vere glad! uttalte han med eit smil.