Opnar Kreftpoliklinikk i Protonbygget
Tirsdag 25. februar opnar Kreftklinikken nye lokale i Protonbygget i Haukelandsbakken. Her vil ei rekke pasientgrupper bli tatt imot både for poliklinisk utgreiing og behandling. Dette blir eit supplement til aktiviteten i Parkbygget.

Bygget skal, som namnet tilseier, først og fremst romme pasientar som kjem til utgreiing og gjennomføring av protonbehandling. Men også anna aktivitet skal fylle nybygget i Haukelandsbakken.
245. februar opnar dei nye lokala i kreftpoliklinikken. Til saman vil om lag 50 pasientar bli kalla inn til timar i protonbygget kvar dag.
- Kreftklinikken har for lite plass i poliklinikken i Parkbygget, derfor er vi glade for at vi no kan supplere akiviteten her ved å nytte tilgjengeleg kapasitet i Protonbygget, seier klinikkdirektør Oddbjørn Straume.
Kreftpoliklinikken i Protonbygget vil ta imot følgande pasientar:
- Pasientar til legekontroll innen diagnosane prostatakreft, blærekreft, sarkom og hjernekreft
- Sjukepleiekonsultasjonar
I tillegg opnar no CT og MR-maskinene. Medan CT-maskina skal brukast til å planlegge strålebehandling, vil MR-maskina i tillegg bli brukt til diagnostisering.
Ny oppmøtestad for mange
Dei første innkallingane er ute. For pasientane vil dette medføre at dei må møte opp i ulike bygg avhengig av kor i forløpet dei er og kva behandling dei skal ha.
- Vi jobbar med alle detaljar for å gjere fordeling av pasientar og flyten best mogleg både for pasientar og tilsette. Samla får vi betre kapasitet, noko som er positivt for alle. Ein del av pasientane våre som er vane med å møte opp i Parkbygget vil framover få timen sin i Protonbygget. Derfor er det viktig at alle tilsette veit at vi opnar i Protonbygget no, seier Straume.
Finn fram til Protonbygget
Protonbygget ligg i Haukelandsbakken 48 ovanfor Ulriksbanen. Det er mogleg å gå eller køyre opp til bygget, i underetasjen vil det bli nokre parkeringsplassar, i hovudsak reservert for pasientar.
Det er ikkje mogleg å nytte kollektivtransport til Protonbygget, men ein kan ta buss eller bane til Sentralblokka på Haukelandsområdet og kome seg tørrskodd opp.
- Frå underetasjen i Sentralblokka er det laga ein eigen heis til Protonbygget. For å kome dit må ein følge skilta til ein ny gangtunnel på 230 meter. I enden av gangtunnelen finn du heisen opp til Protonbygget, fortel prosjektleiar for bygget, Lars-Petter Smidt.
Artikkelen fortset under bildekarusellen.
Bergens høgaste heis
Heisen opp til nybygget i Haukelandsbakken er med sine 70 meter Bergens høgste. Det tek 45 sekund frå startpunktet i Sentralblokka og opp til Protonbygget.
- Dette blir ein effektiv veg for både pasientar og tilsette som skal bevege seg mellom Sentralblokka, Parkbygget og Protonbygget, fortel Smidt.
Sjå kart og praktisk informasjon om Protonbygget her: www.helse-bergen.no/steder/protonbygget/
Protonbehandling frå mai
Første pasient som skal til protonbehandling blir etter planen tatt imot 7. mai 2025.
- Vi startar opp med behandling av vaksne, før vi begynner å behandle barn frå sein haust. Ved Haukeland skal vi ta imot pasientar frå heile Helse Vest og Helse Midt-Norge, avsluttar Straume.