Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreftpasientar kan få CAR-T-behandling i Bergen i 2025

Frå 2025 kan alvorleg kreftsjuke pasientar på Vestlandet få neste generasjons immunterapibehandling ved Haukeland universitetssjukehus. Det kom fram på styremøtet i Helse Vest RHF onsdag 28. august.

Publisert 29.08.2024

– Dette betyr at alvorleg sjuke pasientar kan få behandlinga nærare heimstaden sin, seier Oddbjørn Straume, avdelingsdirektør ved Kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus (HUS).

Dei siste ti åra har CAR-T-behandlinga gått frå å vere lovande til å bli etablert behandling for fleire pasientgrupper  med leukemi og lymfekreft. CAR T-celleterapi er genteknologi som gjer det mogleg å genetisk omprogrammere ein type immunceller (såkalla T-celler). Pasienten sine eigne kvite blodceller (T-celler) blir hausta og deretter genmodifiserte.

Glad for behandling i Bergen

– Behandlinga er innført for tre ulike indikasjonar i Noreg no, men det vil truleg komme fleire, fortel Gunnar Mellgren, direktør ved Laboratorieklinikken, HUS.

– Behandlinga er potensielt kurativ for mange ulike sjukdommar framover, som vil seie at fleire alvorleg sjuke pasientar kan bli friske.

Per no er det Oslo universitetssjukehus (OUS) som har nasjonal behandlingsfunksjon for CAR-T-behandlinga i Noreg. Men det trengst fleire behandlingsstader. CAR-T-tilbodet i Helse Bergen blir planlagt å starte opp første halvår 2025.

Les styresaka på helse-vest.no


- Helse Bergen har sagt det er mogleg å tilby dette ved Haukeland, og det er vi veldig glade for, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.

FAKTA

  • Haukeland universitetssjukehus vil få regionalt ansvar for å behandle pasientar på Vestlandet med CAR-T frå første halvår 2025.
  • CAR T-celleterapi blir kalla neste generasjons immunterapibehandling.
  • Immunterapi aktiverar pasienten sitt eige immunforsvar, noko som bidreg til at immunsystemet klarer å identifisere og angripe kreftceller. Dette fører til at veksten av kreftcellene blir bremsa eller stoppar opp.
  • I CAR-T-behandlinga blir pasienten sine eigne kvite blodceller hausta og genmodifiserte.
  • Dei siste ti åra har denne behandlinga gått frå å vere lovande til å bli etablert behandling for pasientar med leukemi og lymfekreft.