Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis møte barn på sjukehus?

Det er spørsmålet røyrleggjarar og reinhaldarar, portørar og elektrikarar finn svara på når dei no vert kursa i å møte barn og deira pårørande.

Publisert 04.11.2022

Om eit lite år opnar Glasblokkene. Då skal dei aller fleste barna på sjukehuset samlast her. Venteareal, leikerom, fargar og utforming av husa er tilpassa barn. Sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar og jordmødrer  har i lang tid førebudd seg på å jobbe i dei nye omgjevnadane. Men dei er ikkje dei einaste som gjer seg klar til å møte barn på sjukehuset. 

I Drift-teknisk divisjon jobbar alle dei som sørger for at sjukehuset fungerer. No vert 100 tilsette sendt på kurs. 

- Målet vårt er å gje dei tilsette kompetanse på korleis dei skal møte barn og pårørande i ein sårbar situasjon. Er dei tilsette trygge vil det smitte over på barna, seier prosjektleiar Hilde Ersvær. 

Barnekompeten​​t røyrleggar 

Eivind Husebø er røyrleggar, og skal jobbe mykje i Glasblokkene. Han har allereie mange oppdrag på barnepostane, og er godt rusta. 

rørlegger barn _foto


- Desse bamsane frå Vennebyen har dottera mi på fem år gitt barna på sjukehuset. Dei er med i sekken når eg skal på oppdrag der det er born. Spørsmåla og gode samtalar kjem raskt når bamsane stikk opp av sekken, smiler Eivind.

Han synes kurset er nyttig. Innlegget frå barnepsykiateren  om kva som er viktig i møte med barn er konkret og til god hjelp. Kva spørsmål kan du forvente å få? Korleis bør du svare? Og opptre? 

- Smil og snille auge. Sei hei, fortel kven du er og kva du skal. Og ver imøtekommande. Dette er kanskje dei viktigaste råda eg har tatt med meg, seier rørleggaren. 
 
Og er det mogeleg har han håp om at treffpunkta kan gje fine avbrekk i eit tøft sjukehusopphald. 

- Kanskje du kan invitere barnet til å sjå oppi verktøykassa di? Kanskje dei kan få vere med å vaske litt på nattbordet? Desse møta kan bli til noko fint og annleis enn alt det andre barna opplever på sjukehuset 
Også dei vaksne rundt barna har glede av avbrekka.  

- Det hender jo at det er far som kjem bort for å teste springen etter at eg har fiksa den, seier Eivind. 

Tålmod og ​​tid

Fleire er opptatt av at dei må ha god nok tid når dei skal møte barna. 
eivind og kallas_foto


- Mange har travle dagar. For fagarbeiderene på teknisk avdeling står oppdraga i kø. Men dersom ein kjem i kontakt med barn på eit oppdrag må ein være tålmodig, vere merksam tilstade, lytte og svare. Det er nødvendig dersom vi skal kunne bidra til tryggleik for barna, seier prosjektleiar Nikolas Kallas (til høgre). 

Kursi​ng frå nyttår 

Våren før innflytting vert opplæringa i barnekompetanse rulla ut i heile drift-teknisk divisjonen. 

prosjektleiar Hilde Ersvær_foto
- Barna skil ikkje på uniformene, og våre tilsette er ein del av det heilskaplege teamet av tilsette som treff barna på sjukehuset. Ved å fortelle kven vi er, kva vi skal, gje barna ein mogelegheit til å sjå og snakke om andre ting enn sjukdom, vil våre tilsette kunne bidra til å skape tryggleik og god atmosfære i sjukehuskvardagen, seier Ersvær. 

- No skal vi lære oss både bygg og barnekompetanse. Begge er viktig for å at vi skal kunne gjere ein god jobb i Glasblokkene.