Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientar og tilsette på KK skal vere trygge

Alvorleg kreftsjukdom rammar pasientar og pårørande hardt og brutalt. At situasjonen på KK har gitt desse pasientane auka bekymring og redsel, er vi veldig leie oss for. 

Direktør ved KK, Lorentz Linde, og administrerande direktør ved Haukeland, Eivind Hansen
Publisert 25.09.2024

Det gjer inntrykk når pasientar fortel at dei er utrygge. Vi har også løpande dialog med brukarorganisasjonar og brukarutvalet på sjukehuset. Å sikre pasientane god behandling er hovudfokuset vårt. For å kunne gjere det, må vi samtidig sørge for at medarbeidarane våre som tar seg av denne pasientgruppa, blir ivaretatte og får fagleg god støtte og utvikling, slik at dei er trygge i behandlinga dei gir. 

Vi erkjenner at situasjonen knytt til gynekologisk kreft er uheldig. Somme framstiller det som om leiinga har sete med hendene i fanget og late dette skje. Vi kjenner oss ikkje igjen i slike beskrivingar. Årsakene er samansette og strekker seg fleire år bakover i tid. 

Den kan forklarast som ein kombinasjon av avgrensa ressursar, stort arbeidspress, mangel på fagpersonar og utfordringar i arbeidsmiljøet. Vi har brukt mykje ressursar på å prøve å løyse situasjonen, og har strekt oss langt for å komme både enkeltpersonar og fagmiljøet i møte. Likevel valde fire overlegar å seie opp stillingane sine i mars. 

Vi har vore tydelege på at ingen dører er stengde, og at vi gjerne vil ha open dialog med både tidlegare og nye kompetente medarbeidarar. Samtidig må vi ha blikket retta framover. Heldigvis har vi mange andre dyktige, motiverte og engasjerte medarbeidarar på KK og elles på sjukehuset som trør til. 

Vi har spisskompetente gynekologar som med støtte frå spesialistar ved andre sjukehus skal sikre forsvarleg pasientbehandling. Det er all grunn til å takke samarbeidssjukehusa våre på Vestlandet og nasjonalt. 

Basert på tilbakemelding frå overlegane som slutta, og frå andre legar som har jobba med gynekologisk kreft tidlegare, skal vi sikre ei berekraftig utvikling av fagområdet. Dette betyr tydelege planar for og krav til kompetanse for kvar enkelt lege, og ei akseptabel arbeidsbelastning. 

Fleire av dei nåverande medarbeidarane våre har tatt ansvar og ønsker nå å arbeide vidare med kirurgisk og medikamentell behandling av gynekologisk kreft. Dette er våre aller beste gynekologar som har svært lang erfaring med avansert kirurgi, både på generell og på gynekologisk kreft. Kreftkirurgien skal løftast, men kompetansestigen startar på eit allereie høgt nivå, og dei er villige og dedikerte. 

Desse står no i eit stort press, ikkje minst med omsyn til ordskiftet i redaktørstyrte og sosiale medium. 

Når ein er villig til å ta på seg ei slik bokstaveleg talt livsviktig oppgåve, treng ein støtte, ikkje kommentarar om at ein ikkje er god nok. 

Ein viktig måte for leiinga å sikre god pasientbehandling på, er derfor å vareta dei medarbeidarane som no står fremst i behandlingslinja. I dette arbeidet treng vi drahjelp frå fagmiljø, andre sjukehus og frå brukarorganisasjonar. Vi ønsker ikkje å miste fleire medarbeidarar. Tvert imot, vi treng fleire som vil vere med på å bygge laget. 

Det er også viktig å hugse på at Kvinneklinikken har eit stort samfunnsoppdrag – ikkje berre innan gynekologisk kreftbehandling. Kvinner med ulike andre gynekologiske tilstandar, gravide, fødande og barselkvinner, og par som treng fertilitetsbehandling, skal også få gode tenester i klinikken. Vi må derfor jobbe breitt med å behalde, utvikle og rekruttere medarbeidarar til alle desse fagområda.