Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

KK har utvikla samvalsverktøy om smertelindring ved fødsel

Samvalsverktøyet vart lansert på helsenorge.no fredag 17. juni. Med det nye verktøyet vil fødande kvinner i heile landet få meir informasjon og auka kunnskap om smertelindring ved fødsel, og dermed auka tryggleik.

Publisert 20.06.2022
Sist oppdatert 28.07.2022
Fødekvinne og jordmor
Kvinneklinikken ønsker at dei som føder skal vite om kva for nokre moglegheiter som finst innan smertelindring ved fødsel.

​Som pasient har du rett til å ta del i val om eiga behandling. Dette blir kalla samval, og blir gjort saman med helsepersonell. Samvalsverktøy kan vere til stor hjelp  når du skal ta slike val, og det vert stadig fleire slike verktøy på helsenorge.no.

Jubel over snorklipping

Brukarrepresentant Marianne Håheim fekk æra av å klippe snora då KK feira lansering av samvalsverktøy om smertelindring ved fødsel fredag. Til høgre prosjektleiar Lene Alfstad Haugen, seksjonsjordmor ved Poliklinikk for gravide, mor og barn ved Kvinneklinikken (KK), og til venstre fagutviklingsjordmor Bente Langeland, også ho i prosjektgruppa.



Nyttig og viktig informasjon

- Vi er svært glade for at samvalsverktøyet om smertelindring ved fødsel no er publisert på helsenorge.no slik at gravide og partnarar i heile Noreg får tilgang til det, seier Lene Alfstad Haugen, seksjonsjordmor ved Poliklinikk for gravide, mor og barn ved Kvinneklinikken (KK).

- Samvalsverktøyet gir informasjon om dei ulike smertelindringsmoglegheitene som finst i Noreg. Informasjonen blir formidla på ein oversiktleg og lett forståeleg måte, og omhandlar også fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. 


Birte Steinsbu er ei av dei som har brukartesta det nye samvalsverktøyet. Dette gjorde ho mot slutten av svangerskapet med sitt første barn. No er ho nybakt mamma, og er glad for at verktøyet er lansert. 

Jordmor og høggravid kvinne utanfor Kvinneklinikken.

Fagutviklingsjordmor Bente Langeland frå prosjektgruppa saman med Birte Steinsbu, som har testa det nye samvalsverktøyet.



- Eg følte at eg sat igjen med mykje meir kunnskap om smertelindring ved fødsel etter å ha brukt samvalsverktøyet, noko som gjorde meg tryggare. Det å få denne informasjonen på førehand, både om dei ulike alternativa og om eventuelle biverknader, var godt. Eg hadde vore gjennom eit fødselsførebuande kurs, der vi også fekk vite litt om smertelindring, men med dette verktøyet fekk du gå meir i djupna. Det var også positivt at eg fekk vite om fleire valmoglegheiter.

I ettertid har ho også snakka med fleire venninner om det nye verktøyet, og alle ønsker å vite meir.

​Fødande hadde fått for lite informasjon

Dette samsvarer godt med det som var bakgrunnen for det nye samvalsverktøyet, nemleg kvalitetsforbetringsprosjektet «Samtale og bruk av samvalgsverktøy ved forberedelse til fødsel», som KK starta i 2016. 

I 2016 brukte 49 prosent av dei fødande ved Kvinneklinikken i Bergen epiduralbedøving som smertelindring ved vaginal fødsel, ein auke på 10 prosent frå 2006. 

- Jordmødrer ved klinikken erfarte at fødande ikkje hadde fått nok informasjon og dermed  visste for lite om smertelindring, fortel Alfstad Haugen, som var prosjektleiar.

Dette gjaldt både kunnskap om dei ulike smertelindringsmetodane som vart brukt under fødsel, men også om fordelane og ulempene ved dei ulike metodane. Eit ønske om å endre på dette slik at fødekvinnene og partnarane deira kan ta infomerte val, var startskotet for  kvalitetsforbetringsprosjektet.​

Fem damer med kvar sin blomebukett.

Fem av sju medlemmer i prosjektgruppa var til stades under markeringa fredag, og der vanka det både blomar, kake og velfortent skryt. Frå venstre Marianne Håheim, Lene Alfstad Haugen, Gunn Gabrielsen, Britt Iren Skeide og Bente Langeland. Linda Haugland og Marte Jettestad var ikkje til stades.

Auka kunnskap og auka tryggleik
Resultata frå prosjektet viste blant anna at før fødsel gav samvalsverktøyet auka kunnskap hos 77 prosent av prosjektdeltakarane. Kunnskapen i samvalsverktøyet vart vurdert som viktig i førebuinga til fødselen hos 91 prosent av prosjektdeltakarane og verktøyet gav auka tryggleik hos 65 prosent. Etter prosjektslutt starta arbeidet med å ferdigstille verktøyet for publisering. I den prosessen har KK hatt gode samarbeidspartnarar i Samvalgssenteret ved Universitetet i Nord-Norge og Folkehelseinstituttet.

- Resultata i prosjektet og brukartestinga av samvalsverktøyet er veldig lovande. No må vi jobbe for å gjere tilbodet kjent i kommunane, slik at verktøyet blir tatt i bruk i heile landet, seier Marianne Håheim. 

Kvinne og jordmor på undersøkingsrom

Marianne Håheim (t.v.) har vore brukarane sin representant i prosjektet, og ei viktig stemme inn, ifølge prosjektleiar Lene Alfstad Haugen.



Håheim har vore brukarrepresentant i prosjektet, og ho ser det ferdige resultatet som ein gåvepakke til både fødande, partnarane deira og fagfolk.

- Samvalsverktøy er sentrale i brukarmedverknad på individnivå. Dette er positivt for alle partar, seier ho.


Har henta inn erfaringar

Prosjektet vart gjennomført i perioden mars 2018 til mars 2019 og prosjektgruppa besto av brukarrepresentant, anestesilege, fødselslege og jordmødrer. For å kartlegge erfaringane med bruk av samvalsverktøyet, vart spørjeskjema nytta. 82 kvinner deltok.  
For brukarrepresentanten har det vore ekstra viktig å få innspel og tilbakemeldingar frå brukarane.

- Eg snakka med veldig mange eg kjenner  - som hadde fått barn, som var gravide og som planla å bli gravide. Smertelindring ved fødsel er eit tema som engasjerer, og mitt inntrykk er at det er eit stort og umetta behov for informasjon der ute. Eg høyrte mykje «Kva er dette, dette har eg ikkje høyrt om, finst dette», fortel ho. 

Ifølge Alfstad Haugen har Håheim vore ein svært viktig bidragsytar inn i prosjektet og hennar innspel har ikkje minst hatt avgjerande tyding for teksten i verktøyet.

- Måten vi formulerer oss på er både interessant og utruleg viktig, understrekar Håheim.

- Det har vore eit sterkt ønske om å formidle nøytral informasjon i eit godt og lettfatteleg språk. 

Grunnlag for å ta val

Nøytral informasjon er ikkje minst viktig når det gjeld bruken av epidural. 

-  I prosjektgruppa var det ulike faglege perspektiv på bruken av epidural, men fødande treng berre informasjon – dei treng ikkje vite kva synspunkt andre måtte ha om den typen smertelindring, påpeikar Håheim. 
Alfstad Haugen utdjupar:

- Eg vil understreke at sjølv om bruken av epidural auka til 56 prosent ved vaginale fødslar i 2021, er det inga målsetting at bruken av epidural skal reduserast ved bruk av samvalsverktøy. Fleire fødslar blir sett i gang i dag i forhold til før, og dette kan påverke den auka bruken, forklarer ho.

- Det viktigaste ved bruk av samvalsverktøy er at kvinner får kunnskap som gir dei eit godt grunnlag for å ta val, og eg håper at samvalsverktøyet som no blir publisert kan hjelpe dei til dette. ​