Julenissar året rundt
I heile 2023 har stiftinga Haukelands Vener heldt fram med å samla inn midlar til Haukeland universitetssjukehus. Midlane har vorte brukte til tiltak som gjer opphaldet på sjukehuset litt betre for både pasientar og deira næraste.
Stiftinga samlar inn pengar som går uavkorta til tiltak som gjer det vesle ekstra som sjukehuset sjølv ikkje har høve til å bidra med, for å skape ein god og positiv kvardag for alle dei som ligg på sjukehuset, deira familie og deira vener.
Gjennom 2023 har Haukelands Vener samla inn om lag 500 000 kroner og delt ut det tilsvarande til ulike tiltak på sjukehuset. Pengane kjem hovudsakleg inn frå faste gjevarar som GC Rieber Fondene, Grieg Foundation og Bjørneseth Fond. Andre viktige gjevarar er Krafttak mot kreft, Anna Jebsens minne, Sparebanken Vest og Grasrot midlar. I tillegg blir det laga spleiselag med ulike fond, som gjer at midlar doblar seg.

Frå venstre: Helge Dyrnes, styreleiar i Haukelands Vener, nestleiar i Haukelands Vener,Tove Ellingsen og Ingvild Kjerkol, helse- og omsorgsminister. I midten BUK sin nye maskot Eikorn Ekorn som er ein gåve frå Haukelands Vener. (Biletet er teke frå opninga av Glasblokkene.)
– Vi er takksame for alle våre faste gjevarar som gjer oss høvet til å gjere vårt arbeid mogleg. Desse er vi heilt avhengige av. Det er også plass til fleire, seier Helge Dyrnes, styreleiar i Haukelands Vener.
– Vårt arbeid er kanskje ikkje alltid synleg, men vi trur på krafta i dei små gledene som kan gjere ein stor skilnad for dei mange som tilbringer tid på sjukehuset, seier Helge Dyrnes.

Barnepasientar var på skjergardstokt med Statsraad Lehmkuhl. Årets tur fann stad den 14. mai. Barnepasientar og pårørande kosa seg på tokt. Spennande skattejakt og god underhaldning.

– Det er eit privilegium å få lov å vere julenisse året rundt. Tilbakemeldingane vi får om kor mykje dette har betydd for pasientar og pårørande er svært rørande, seier Tove I. Ellingsen, nestleiar i Haukelands Vener.

– Det er godt med gode vener. Haukelands Vener viser eit stort engasjement for sjukehuset og våre pasientar. Vi er takksame for alt dei bidreg med. Kvar gest betyr mykje for våre pasientar og deira familiar, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland sjukehus.