Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innflytting i Glasblokkene utsett

Det er fortsatt kritiske feil og manglar med det nye alarm- og pasientvarslingsanlegget som skal takast i bruk i Glasblokkene. Dette gjer at programstyret har bestemt å utsette innflyttinga.

Publisert 16.06.2023
Sist oppdatert 17.06.2023

​-  Under 100 dagar før planlagt innflytting ser vi ei rekke feil som bekymrar oss. Desse anlegga har direkte påverknad på pasienttryggleiken, og må fungere som dei skal før vi kan ta bygget i bruk. Både pasientar og tilsette skal vere trygge. Derfor har vi tatt ei vanskele​g, men nødvendig avgjerd om å utsette innflyttinga for Barne- og ungdomsklinikken og dei andre som etter planen skulle flytte inn 18. september, seier Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen. 

Programleiinga for Glasblokkene vil no saman med Helse Vest IKT, interne fagmiljø og leverandørar greie ut og lage ein ny tidsplan for når anlegga kan takast i bruk og einingane kan flytte inn. Nye innflyttingsdatoar vil bli sett i samarbeid med klinikkane og bli vedtatt i programstyret 30. juni. 

- No skal vi jobbe for å få ein realistisk plan før somma​rferien som kan gi ei føreseielegheit for einingane. Om flyttedato for Kvinneklinikken blir påverka er foreløpig usikkert. Vi veit at dette får store konsekvensar for dei einingaene som skal inn knytt til endring av turnusar, detaljerte flytteplanar, innkallingar og redusert aktivitet, seier programleiar Helge Bergmann.