Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

I gang med å redusere ventetid for pasientar

Ventetidsløftet er tema i stadig fleire møte på Haukeland universitetssjukehus, og alle klinikkar i føretaket er no i gang med tiltak for å redusere ventetid for pasientar.

Synnøve Tangen Stub
Publisert 06.11.2024
Sist oppdatert 21.02.2025

Ventetidsløftet er eit initiativ for å redusere ventetidene ved sjukehusa i landet. Ventetidsløftet vart lansert av Regjeringa 13. mai 2024. 

 – Vi jobbar etter dei same overskriftene som er gjort kjent tidlegare; auke kvaliteten i ventelistene, forbetra arbeidsprosessar og å auke kapasitet. Vi organiserer verksemda i fagteam, og tenker forbetringsarbeid i alt vi gjer. Skal vi få til varige endringar er vi nøydde til å sjå på prosessane heilt ute i drifta, seier Clara Gjesdal som er viseadministrerande direktør i Helse Bergen.   

En dame med briller
Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør i Helse Bergen.

I alt 11 klinikkar starta opp med ekstraordinær poliklinikk i september, og nokre til i oktober.   

– Vi tar i bruk fleire økonomiske verkemiddel for å auke aktiviteten i haust, spesielt i forløp der vi har lange ventetider og økonomi har vore til hinder for gjennomføring av ekstraordinær poliklinikk. Det blir lagt plan for pasientar som har venta meir enn ti månader med sikte på at vi ikkje har nokon pasientar som har venta meir enn tolv månader ved årsskiftet, seier Gjesdal.  

Sjølv om arbeidet med ventetid er eit langsiktig og systematisk arbeid viser rapportar at gjennomsnittleg ventetid er på veg ned. Den største endringa i ventetider frå juni 2019 til september 2024 er knytt til pasientar som har venta meir enn tre månader. Diagrammet under viser tal på ventande fordelt på kategoriar av ventetid. Same utvikling ser ut til å vere gjeldande for dei fleste føretak i Norge.  

Diagram med stolpe
Tall på ventande i 2019 vs. 2024 fordelt på kategoriar av ventetid. 

 

Mange bekkar små.… 

Det er mange tiltak som no er sett i gang som i sum kan gi stor effekt på reduksjon av ventelistene i Helse Bergen.   

Det er blant anna etablert eit ressursteam i stab. Teamet understøttar arbeidet i einingane, deltar i regional koordinerande gruppe, og deler ny informasjon og moglegheiter frå områdestrukturen, ulike sjukehus og lokale einingar.  

Gjesdal trekkjer også fram Klinikk for hode-hals som får bistand frå ressursteamet i arbeidet med å kvalitetssikre ventelister og forbetre forløpet for tilpassing av høyreapparat. Der er det auka samarbeid med avtalespesialistar for å få ned ventetid for pasientar. 

 

Ser nye moglegheiter 

– Når det gjeld målet om å auke kvaliteten i ventelistene, ser vi moglegheiter som vi ikkje har sett tidlegare. Vi deler desse på tvers i sjukehuset. Vi skal også arrangere rydde-workshop i november og i desember for merkantile på tvers av klinikkar i sjukehuset. Der får dei bistand til å rydde og endre status på ei tilvising som i utgangspunktet skulle vore ei sekundærtilvising. I tillegg jobbar vi med standardisering av tilvisingar, fortel Gjesdal. 

For å forbetre interne arbeidsprosessar, ser ein også på moglegheitene som finst i dei digitale løysingane i pasientforløpa.   

– Digitale løysingar er på plass og kan nyttast i endå større omfang. Mange jobbar med behovsstyrt poliklinikk, innhenting av informasjon frå pasientane før behandling, og god informasjon og opplæring til pasientar i forkant av oppmøte. E-behandling er også ei moglegheit for våre pasientar, seier Gjesdal. 

Ho er fornøgd med at alle einingar i sjukehuset har sett i gang tiltak for å redusere ventetid for pasientane, og trur at gjennom prioritering av tiltaka er det realistisk å nå måla som er sett for reduksjon av ventetid. 

 

Mål for ventetid i Helse Bergen 

Langsiktig mål: Haukeland universitetssjukehus skal ha gjennomsnittleg ventetid for påbegynt helsehjelp lågare enn 50 dagar i somatikken, 40 og 30 dagar i hhv psykisk helsevern for vaksne og psykisk helsevern for barn og unge, og 30 dagar i rusbehandling. Vi skal også ha under 2 % fristbrot og under 5 % passerte tentative timar.   

 

Mål for juni 2025: Haukeland universitetssjukehus har innan juni 2025 gjennomsnittleg ventetid for påbegynt helsehjelp lik eller under 61 dagar i somatikken, 44 dagar i psykisk helsevern vaksne, 45 dagar i psykisk helsevern barn og unge og 33 dagar i Tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Dette er det samme som nasjonalt nivå før pandemien, 2019-nivået.