Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Her skal det produserast celler til bruk i klinisk behandling

Helse Bergen har fått sitt eige reinromslaboratorium for celleproduksjon. Ex-vivo er endeleg opna.

Publisert 09.12.2022
Det var stort oppmøte då styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, klippa snoren for det nye og avanserte laboratoriet.
 
- Som styreleiar i Helse Bergen er det stort og veldig gjevt å få ynskje velkommen til ei så viktig hending, og ikkje minst eit så viktig samarbeidstiltak, sa Breivik før han erklærte laboratoriet for opna.
Styreleiaren klipper snoren

Styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, opna Ex-vivo med eit klipp.

Frå det i 2015 vart bestemt at laboratoriet skulle opnast, har det vore ein lang og komplisert veg til mål. Pandemien gjorde også vegen lenger, og kostnadane som var tenkt til 25 millionar endte med det dobbelte. 
 
Administrerande direktør Eivind Hansen takka alle som har bidratt til å realisere planane, og ynskte lukke til med å skape innhald i, og drifte dei nye fasilitetane. 

- Alt for å utvikle betre behandling for betre og lengre liv, sa Hansen før han overrekte ei diger skål twist til avdelingsssjef ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Einar Klæboe Kristoffersen.
 
- Eg gler meg til vi får produsere mange fine og gode celler til pasientane våre, smilte Kristoffersen.
 
Ex-vivo fasiliteten (EVF) er eit reinromslaboratorium for celleproduksjon og framstilling av celleprodukt til pasientbehandling, og er knytt opp mot Mohn forskningssenter for regenerativ medisin.​
 
Her skal det forhåpentlegvis utviklast nye behandlingar innan celleterapi for å reparere eller erstatte vev eller celler som er skadd av sjukdom eller ulykke. Det kan vere å regenerere beinvev som er nekrotisk, erstatte døde celler i auget, eller erstatte vev i samband- med/knytt til brannskadar. 
 
Dette krev reinhald på eit heilt spesielt nivå.
 
Styrelejar Terje Breivik og administrerande direktør Eivind Hansen, fekk noko spesielle instruksar før dei fekk kome på besøk i laboratoriet på opningsdagen.
Ikledd kvite drakter, og med lovnadar om at dei ikkje hadde bakt gjærbakst dei siste to dagane, fekk dei lov til å entre det nye reinrommet. 

administrerande direktør, seksjonsleiar og styreleiar utanfor laboratoriet

Administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, Seksjonsleiar Kimberley Joanne Hatfield, og styreleiar i Helse Bergen Terje Breivik før dei skifta for å gå inn i det nye laboratoriet.

Styreleiar, administrerande direktør og seksjonsleiar utanfor laboratoriet.

Personell som går inn og ut av reinrom må gjennom sluser og bruke heildekkande tøy. Både klede, utstyr og møblar i rommet er utforma for å produsere eit minimum av partiklar.

Seksjonsleiar, styreleiar og administrerande direktør inne i laboratoriet

Det er eigne instruksar for korleis ein bør bevege seg i rommet for å unngå forureining. Det blir stilt strenge krav til reinhald, og sjølv reinhaldspersonell må ha spesialkompetanse på dette området.

​Fasiliteten er delt i to arbeidsområde:
1. Seksjon for celleterapi, som har eksistert i fleire år, og som frys ned og tinar opp stamceller utan dyrking eller manipulasjon. 

2. Seksjon for cellebaserte medisinske produkt, der​ celler (i hovudsak stamceller) blir dyrka før dei blir gitt tilbake til ein pasient.