Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Bergen først ute i lovande KI-studie i Mammografiprogrammet

Mammografiprogrammet starta denne veka ein av verdas største randomiserte kontrollerte studiar på kunstig intelligens (KI) og mammografiscreening.

Publisert 04.12.2024
Et par kvinner i et rom
Hildegunn Siv Aase, overlege/senterleiar ved Brystdiagnostisk senter og Solveig Hofvind, forskar og prosjektleiar ved FHI.

På landsbasis skal studien inkludere 140 000 kvinner i alderen 50 til 69 år, som er målgruppa for Mammografiprogrammet. Brystsentrane i Helse Vest er dei som først inviterer kvinner til å delta, i det som etter kvart skal bli ein landsomfattande studie. Det er 52 000 kvinner i målgruppa i Helse Bergen sitt nedslagsfelt, alle som møter til screening vil bli inviterte. Målet med studien er å finne ut om KI er like bra eller betre enn legane til å påvise brystkreft.

– Dette må seiast å vere ein banebrytande studie både nasjonalt og internasjonalt. Studien kan bli ein brekkstang for å utvide aldersgruppene i Mammografiprogrammet og tilpasse screeninga ut frå den enkelte si risiko for brystkreft. Dette er noko mange har etterlyst og ynskjer, seier forskar og prosjektleiar Solveig Hofvind ved FHI.

KI kan avlaste knappe legeressursar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant kvinner, og førekomsten fortset å auke både blant yngre og eldre. Samstundes vil framtidige endringar i screeningprogrammet, som utvida målgruppe og persontilpassa screening, krevje endå meir av allereie knappe legeressursar.

Et par personer som sitter ved et skrivebord og ser på en dataskjerm

– Vi må tenkje heilt nytt dersom vi skal kunne tilby kvinnene eit trygt, moderne og effektivt screeningprogram i framtida, seier Hofvind.

Ho meiner KI kan vere ein svært viktig og riktig brikke for å realisere dette og viser til resultat frå andre studiar.

– Tidlegare studiar i Mammografiprogrammet har vist at KI klarer å finne dei same brystkreftsvulstane som legane gjer. Dei har òg vist at KI kan «sjå» dei små brystkreftsvulstane medan dei framleis er i eit tidleg stadium av sjukdomsutviklinga – akkurat slik screeninga er meint å fungere.

Men til no har studiane vore baserte på analyser av tidlegare gjennomførte screeningundersøkingar og har føregått utanfor sjukehusa sine veggar og legenes daglege rutinar.

Dette blir derfor første gongen i Noreg at KI blir testa som verktøy for legar i ein reell screening for brystkreft.

Håper mange kvinner vel å delta

Hildegunn Siv Aase, overlege og senterleiar ved Brystdiagnostisk senter, oppmodar alle til å lese informasjonen dei får tilsendt og takke ja til å delta.

Dei som takkar ja, vil bli trekte tilfeldig til å få mammografibilda sine vurderte av anten KI i kombinasjon med ein eller to legar, eller av to legar etter standard prosedyre. Sjølve mammografiundersøkinga vil føregå som vanleg for begge gruppene. Kvinnene treng derfor ikkje gjere noko spesielt, utover å lese informasjonen og signere eit samtykke når dei møter til mammografitimen. Det er tolkinga og analysen av bilda i etterkant som skil seg frå dagens vanlege mammografiscreening.

– Vi er fulle av forventningar og håp. Vi trur dette kan vere starten på ei ny æra for korleis screeningprogrammet skal fungere i framtida. Då kan vi kanskje utvide tilbodet og vere endå meir treffsikre i å stille diagnosar, seier Aase.

– Kvinnene skal ikkje vere redde for at det er noko auka risiko for feiltolking ved å delta. Alle som er med bidrar til å gje oss auka kunnskap, slik at vi kan lage eit betre screeningprogram i framtida, legg ho til.

Einigheit i dameklubben

På venterommet på Danmarksplass, der mammografiscreeninga føregår, sit Heidi

En person som sitter på en stol
Heidi Olsen Nedkvitne er positiv til å vere med i forskninga..

Olsen. Nedkvitne spent og ventar på undersøkinga. Ho har allereie fått med seg at det denne veka startar opp ei stor, ny studie.

– Dette er eit spanande prosjekt. Eg fekk informasjon om det på førehand og svarte sjølvsagt ja til å vere med. Eg har til og med diskutert studien i dameklubben eg er med i. Der var alle einige om at vi må bidra til forskinga for å gjere Mammografiprogrammet betre, seier Nedkvitne.

Fakta:

Studien blir leia av Kreftregisteret ved Folkehelseinstituttet (FHI) og er eit samarbeid mellom FHI og helseføretaka. Startskotet gjekk 25. november 2024, då dei første kvinnene som har blitt inviterte til å delta i studien møtte til mammografi ved brystsentrane i Helse Vest.

Årleg blir 250 000 kvinner screena for brystkreft på landsbasis, og av desse blir det oppdaga rundt 1500 tilfelle med kreft.