Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Bergen er førebudde på ekstremvêr

Akuttmedisinsk avdeling har sett inn tiltak i forbindelse med ekstremvêret Jakob.

Publisert 31.10.2024
Sist oppdatert 21.02.2025
Ambulanse utanfor Parkbygget på Haukeland.
Helse Bergen har sett inn ekstra kapasitet i AMK og på ambulansane.

-Vi har forsterka mannskapet i AMK og vi har bemanna opp med ein ekstra ambulanse i sentrum, fortel Tommy Nybakk, konstituert avdelingssjef i Akuttmedisinsk avdeling.
- Vi har også forsterka kapasiteten på Voss, der vi har reserveambulansar som kan bemannast opp ved behov.

I tillegg har AMK god dialog med Røde Kors når det gjeld Røde Kors-båten for transport, dersom vegar blir stengde av preventive omsyn eller pga. hendingar. Båten blir bemanna frå kl. 15.00 torsdag. Akuttmedisinsk avdeling samarbeider også med Røde Kors ambulanse.
- Røde Kors kan bemanne opp to ekstra ambulansar på kort varsel om behovet melder seg, fortel Nybakk.

Når det gjeld luftambulansen har det vore utfordringar knytt til ising, og her må status vurderast time for time. Så lenge luftambulansen kan fly, er dei førebudde på å ta fleire oppdrag enn vanleg.

Nybakk gjer også merksam på at det kan bli forseinkingar på heimtransport med ambulanse som følgje av ekstremværet.

- Vi prioriterer pasientar som skal inn til sjukehuset, seier han.

Generelt er all transport mellom lokalsjukehusa i vest tatt ned til eit minimum, også mellom Voss og Haukeland.

- Vi køyrer berre dei aller mest nødvendige turane, understrekar Nybakk.
Og legg til at AMK har god dialog med Helse Fonna, Helse Førde og dei andre nødetatane.