Haukeland universitetssjukehus låner ut to byster til KODE-utstilling
To byster, «Ingrid» og «Nussen 8 år» av Ambrosia Tønnesen, er på utlån til KODE i samband med Ambrosia Tønnesen-utstillinga.
Torsdag 17. oktober opna den store utstillinga i Permanenten, seks veker forseinka. Representantar frå Kunstutvalet ved Haukeland var sjølvsagt til stades ved den høgtidlege opninga, saman med eit hav av folk som ville inn og sjå – køane strekte seg opp og ned trappene.

Utstillinga skal stå til slutten av mars neste år, så det er god tid til å få med seg den veldig fine utstillinga der både Ole Bull og Edvard Grieg òg er til stades, saman med bystar og statuar av eit vell av bergenske kjøpmenn og andre stordommar, i gips, bronse og marmor.
Det har dessutan kome oss for øyra at Vigeland-museet i hovudstaden har ymta frampå om at dei gjerne vil ha utstillinga austover når kunsthungrige bergensarar er metta. I så fall vil soklane i Gamle hovudbygg og i Glasblokk 8 stå tomme nokre månader til, men dette kjem vi tilbake til.
For Kunstutvalet ved Haukeland, Trond Blom.
Meir om Ambrosia: