Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gode resultat frå Helseiarbeid

“Helseiarbeid” vart lansert for fem år sidan og har som mål å hjelpe personar som er sjukmelde eller som står i fare for å bli det. Tilbodet kombinerer individretta behandling for pasientar og arbeidsmiljøtiltak for bedrifter med høgt sjukefråvær.

Publisert 23.01.2025
Sist oppdatert 21.02.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Frå venstre: Ingrid Blø Olsen, psykologspesialist ved Bjørgvin DPS, Camilla Ask, fysioterapeut ved Rehabiliteringsklinikken, Reidun Eggesbø, koordinator for HelseIArbeid i Nav, og Eirik Elsaas, spesialrådgiver stab i Divisjon Psykisk helsevern i Helse Bergen.

Samarbeid mellom Helse Bergen og Nav er sentralt i gjennomføringa, og målet er å fremje helse, hindre langvarig fråvær og støtte pasientar i å meistre både jobb og kvardag trass i helseplager. 

– Pasientane våre har ofte muskel- og skjelettplager, gjerne i kombinasjon med psykiske plager. Dette er årsaka til nær 60 prosent av sjukefråværet i Noreg, seier psykologspesialist Ingrid Blø Olsen ved Bjørgvin DPS. 

Blø Olsen fortel at arbeid ofte er ein nøkkel til betring. 

– Jobb gir meistringskjensle, økonomisk tryggleik, ein sosial arena, kvardagsrutinar og ei kjensle av identitet. Likevel ser vi at 4 av 10 sjukmelde meiner at jobben er årsaka til plagene deira. Nokon treng til og med å byte jobb for å bli friske. 

Tverrfagleg samarbeid 

På Rehabiliteringsklinikken i Helse Bergen på Nordås har fysioterapeut Camilla Ask og teamet lang erfaring med arbeid som del av behandling. 

– Pasientane, som ofte er sjukmelde heilt eller gradert, kan få tverrfagleg vurdering, psykologisk kartlegging og hjelp frå Nav. I 2024 fekk over 180 pasientar i Helse Bergen gruppebehandling. Målet er at dei skal meistre jobb og kvardag betre, sjølv med helseplager, seier Ask. 

Reidun Eggesbø er koordinator for HelseIarbeid i Nav. 

– Saman har vi besøkt 50 arbeidsplassar der vi har styrkt helsekompetansen og bidrege til å betre arbeidsmiljøet. Dette er eit viktig verkemiddel for å få til betre dialog på arbeidsplassane om dei tinga som er vanskelege å snakke om, seier Eggesbø. 

Lovande resultat 

Ved Bjørgvin DPS har psykologteamet «Helse og arbeid» dei siste to åra gitt tilbod om jobbfokusert terapi til pasientar med angst og depresjon. 

– Heile 8 av 10 pasientar får auka arbeidsdeltaking, og 5 av 10 kjem tilbake i full jobb. Symptoma deira blir reduserte til mildt nivå, og pasientane rapporterer at behandlinga har vore nyttig, seier Blø Olsen. 

Teamet ser også ein stor nedgang i symptom på angst og depresjon. Ved oppstart har pasientane symptom av behandlingstrengande grad. Når dei måler på nytt ved avslutning av behandlinga er symptoma på eit mildt nivå. 

Diagram, søylediagram, fossefalldiagram
Før og etter behandling av depresjon og angst.

Blø Olsen ser fram til å vidareutvikle tilbodet: 

– Vi ønskjer å inkludere fleire pasientgrupper, samle meir informasjon om langtidsresultata og tilby individuell jobbstøtte (IPS) til dei som må byte jobb. Dette kan førebyggje langvarig utanforskap, seier ho og legg til at samarbeid med Nav og bedrifter har vist seg å vere ein nøkkel til suksess. 

Teama bak HelseIarbeid håpar at tilbodet kan utvidast ytterlegare i framtida.  

Les og sjå meir 

Her kan du sjå filmar frå Nav og Helsedirektoratet om HelseIarbeid: 

Helseiarbeid >>

Velkommen til Helseiarbeid >>

I desse filmane fortel psykolog Kristin Jellestad frå Bjørgvin DPS om vanlege helseplager. Videoane er ein del av bedriftstiltaket i Helseiarbeid, men kan og nyttast i fleire samanhengar av andre: