Bygger opp geriatrisk seksjon og sengepost på Haukeland
Sengeposten opnar 1. september 2025 og vil ha åtte akuttgeriatriske senger og seks senger for behandling av eldre pasientar med infeksjon. Med dette ønsker sjukehuset å etablere eit solid fagmiljø og eit godt behandlingstilbod for akutt sjuke eldre pasientar.

Foto: Øystein Fykse
Katinka Nordheim Alme er geriater og tilsett som seksjonsoverlege ved Geriatrisk seksjon. Saman med Kristin Fjæreide Myhre spesialsjukepleiar, tilsett som seksjonsleiar. Dei ser fram til å få starte opp i september og godt i gang med rekruttering av helsepersonell til seksjonen. Seksjonen vil være ein del av Medisinsk klinikk.
- Dette er eit etterlengta tilbod til eldre pasientar med eit samansett sjukdomsbilete. Eldre har gjerne mindre å gå på ved akutt sjukdom, dei har ein atypisk sjukdomspresentasjon og får ofte komplikasjonar og forverring av anna underliggande sjukdom samtidig. Det typiske er at akutt sjukdom presenterer seg som tap av evne til å greie seg sjølv heime. Då er det viktig å skjøne at dette er akutt sjukdom som må bli utgreia og behandla, samtidig som vi må reetablere evna til å klare seg sjølv og forebygge komplikasjonar og forverring av dei andre sjukdomstilstandane pasienten lever med. Alt dette for å optimalisere pasienten sin funksjon, sjølvstende og livskvalitet, seier Alme.
Vi du bli ein del av teamet på akuttgeriatrisk sengepost?
Ved sengeposten er det lyst ut stillingar for sjukepleiar og helsearbeidar med søknadsfrist 5. mai 2025. Blant søkarane så langt er både nyutdanna ogfleire med lang erfaring. Dei fleste søkarane til sjukepleiar og helsearbeidarstillingane kjem frå andre stader utanfor Haukeland universitetssjukehus.
- Eg tenker at dei som skal jobbe her må vere litt modige, for her er ikkje alt hogd i stein. Vi veit vi skal jobbe tverrfagleg, men vi vil sjå nærare på korleis vi skal bygge gode samarbeidsrutinar og organisere dagleg drift. Eg er gledeleg overraska over responsen på utlysing av stillingar og interessa for å jobbe ved den geriatriske sengeposten, seier Myhre.
Det “geriatriske teamet”
Kartlegging av pasienten si helse og funksjonsnivå står sentralt, og her kjem styrken til det tverrfaglege teamet til sin rett: Fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, helsefagarbeidar og lege er grunnstammen i det tverrfaglege teamet rundt pasienten. I tillegg må ein ofte kople på logoped og sosionom.
- Det er viktig at pasientane raskt får riktig behandling og får moglegheit til å komme tilbake til det funksjonsnivået dei hadde før innlegging, . Sidan mykjesviktar på ein gong, er det viktig at pasienten blir tatt hand om på ein heilskapleg måte. Utgreiing, behandling, førebygging, rehabilitering og utreiseplanlegging må skje på ein gang. For å gjere dette på ein god og effektiv måte, treng vi eit godt tverrfagleg team. Det er det “geriatriske teamet” som har dokumentert effekt hos denne pasientgruppa. Å bygge teamet blir derfor avgjerande for at vi skal drive god pasientbehandling. Vi brukar ikkje nødvendigvis så mykje lengre tid, men vi har fleire tankar i hovudet på ein gong, seier Alme.
Saman med pasient og pårørande blir det viktig å vurdere kva som skal vere neste steg. Det kan vere at pasienten treng rehabilitering eller heimetenester etter opphaldet. Derfor er samhandling med kommunehelsetenesta viktig. Det blir lagt opp til korte opphald på sengeposten, med effektiv kartlegging og start av behandling. Tilbakeføring til kommune og heim vil bli så snart som råd.
-Det er eldre pasientar på dei fleste avdelingar på sjukehuset, og tilsette ved Geriatrisk seksjon vil aktivt bidra med undervisning for å auke geriatrisk kompetanse hos helsepersonell på heile sjukehuset. Ved den nye seksjonen vil både utdanning av helsepersonell og forskingsaktivitetar gå føre seg etter kvart. Vegen blir til medan vi går, seier Alme.