Endeleg på veg
Sekken er pakka og munnbindet på. Saman med heile Medisin post 5 nord er Lars Helge på flyttefot til Marie Joys' hus.
Foto: Øystein Fykse
Publisert 19.03.2025
Rett frå isolasjon i 7. etasje i Sentralblokka til friluft og ein nyoppussa post nokre hundre meter unna. Lars Helge har nyleg gjennomført sin andre stamcelletransplantasjon, og blir med på flyttelasset når posten han bur på får nye lokale. Velkommen med!
I mars 2025 gjenopnar Marie Joys' hus på Haukeland. Medisinsk poliklinikk og post for blodsjukdommar, Kreft post 2 og Fertilitetssenteret flyttar inn i bygget.
Bilde 1/23

VENTETID: På sjukehus og isolat går tida sakte. Av og til stå ho stille. Då er radioen god å ha. No blir ho med på tur.
FARVEL: Lars Helge har budd på same isolatet kvar gong han har vore på posten. Samla blir det nesten fem månader på dette rommet....
.... med denne utsikta. Han er klar.
FRIDOM: Det er tre uker sidan sist han var utanfor døra. Formen er betre, og Lars Helge smilar bak munnbindet.
FLYTTESJAU: 10 pasientar, utstyr og fine folk. Sentralblokka er fortid, Marie Joys' ventar!
UT AV BLOKKA: Og inn i i framtida...
Slik ser ein veldig glad friluftsmann ut. Ute av isolasjon og i frisk luft.
VELKOMMEN: I Marie Joys' hus vert du tatt i mot av smil og god stemning.
INNSJEKK: Medisinsk poliklinikk er på plass i første og halve andre etasje.
SISTE INNSPURT: Liv Unni og Trine leiar poliklinikken - og sjauer mellom slaga.
FRAMME: - Her var det fint og lyst og stort nok til å bevege seg. Lars Helge er på plass i eit av seks isolat. Dobbelt så mange rom gjer at pasienter slepp ventetid og ventekur før behandling kan starte.
LIV: Utsikta var god i Sentralblokka, men her kjem livet nærare på. Det er fint å sjå.
ENDELEG: Ina har jobba, venta, førebudd, ordna og fiksa. På flyttedagen er ho glad og letta. - Vi er i hus. No blir det bra. Målet på sikt er å auke frå 20 til 40 transplantasjonar i året.
FORBETRING: Mikroskopirommet er ferdig. Oppgraderinga er stor og til nytte og glede både for Astrid og kollegaer, pasientar og i undervisning. Transplantasjonsmøtene for legane skal skje her.
I GANG: Avdelinga har budd i Marie Joys' hus i nokre timar. Legane er i gang.
MATRO: I Sentralblokka delte posten spisestove med fleire andre einingar. No får dei sårbare pasientane eigen spisestove med mindre smitterisiko. Smil blir servert begge stader!
MATLYST: Kjekt å ete "ute" igjen.
STATUS: Under flytting og oppstart i nye bygg er det mange detaljar som må fungere. Prosjektgruppa samlast.
FLYTTING: Heldigvis er det hjelp å få.
GRATULERER: Sjefen sjølv klippar snor og ønsker medisinsk klinikk velkommen i nytt hus.
NYE NABOAR: Fertilitetssenteret og Kreft post 2 er dei to andre einingane som no flyttar inn i Marie Joys' hus. Siren og Birgitte er klar.
HIPP HURRA: Kreft post 2 er på plass i halve 2. og 3. etasje.
FRAMME: Lars Helge har fått besøk. Kona er komen. Til helga er det permisjon - ei endå større oppgradering ventar!
Bilde 1/23
Bildegalleri fullskjermvisning