Folkefest då LION i Malawi opna

Lion står for Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery, og er den nye ortopediske og nevrokirurgiske  delen av det offentlege sjukehuset KCH i hovudstaden Lilongwe i Malawi. Sist fredag var det offisiell opning.

Publisert 07.05.2023
Nytt sjukehusbygg i Malawi med rød løper framfor

LION, Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery. Eit splitter nytt sjukehus med integrert diagnostikk, behandling og rehabilitering, nye operasjonsstover, moderne røntgeninstitutt, laboratorium og andre fasilitetar.



- Det var ei storstilt markering med president i Malawi, Dr. Lazarus McCarthy Chakwera til stades, og ein stor folkefest for det nye sjukehuset, fortel administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen. 

Hansen var ein av fleire gjestar frå Haukeland universitetssjukehus, som gjennom mange år har vore ein sentral aktør i opprettinga av det nye sjukehuset.

Tre menn og en kvinne foran sykehusbygg i Malawi

Eivind Hansen og Kjell Matre, klinikkdirektør Ortopedisk klinikk HUS, saman med tilsette ved LION.


- Det var vel verdt å markere noko som betyr eit viktig løft for helsetenestene i Malawi, seier Hansen. 

​ 

Samarbeid gjennom mange år

Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe og Haukeland Universitetssjukehus har samarbeidd heilt sidan 2007. I 2016 gjekk Helsedepartementet i Malawi, Haukeland Universitetssjukehus, CBM, AO Alliance Foundation og fleire andre partnarar saman for å etablere ei uavhengig stifting i Malawi for å forbetre behandlinga av skadar, samt muskel -og skjelettlidingar, og  nevrokirurgiske lidingar. 
På dette tidspunktet hadde avdeling for ortopedisk kirurgi på KCH berre to ortopediske kirurgar, som skulle dekke ei befolkning på om lag seks millionar menneske i den sentrale regionen i Malawi. Tusenvis av barn fekk ikkje tilbod om tilstrekkeleg behandling for medfødde skadar, misdanningar og infeksjonar i bein. 

- Eg er imponert over det nye sjukehuset LION i Lilongwe, Malawi. Frå å stå å sjå utover ein åker då eg var der første gongen i 2016, via nedlegging av grunnstein hausten 2019, til eg no har fått sjå eit moderne sjukehus med topp utstyr, seier Eivind Hansen.

- Det er imponerande gjennomført i eitt av dei fattigaste landa i verda, og det i ein periode med pandemi og global uro. 

Hansen har fått møte innlagde pasientar i Kamuzu Central Hospital som er aktuelle for det nye tilbodet. 

- Det er svært synleg at behovet er stort, seier han.

- Det er mange pasientar med behov for ortopedisk eller nevrokirurgisk behandling raskare og på eit høgare nivå. Konsekvensen er no at mange ikkje får behandling eller lite optimal behandling med påfølgande handikapp for livet.



Mange menneske samla inne i sjukehusrom med avanserte maskiner.

Sven Young viser gjestene rundt på det nye sjukehuset under opningsmarkering​a.

​15 år i Malawi

 Sven Young,  dr.med., spesialist i ortopedisk kirurgi og overlege på Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, har leia satsinga i Lilongwe. Han er no direktør for LION.

- Sven Young har gjort ein imponerande innsats gjennom 15 år i Malawi, rosar Hansen.

-  Også vår eiga avdeling for internasjonalt samarbeid (AIS) med Jon Wigum Dahl i spissen har bidratt sterkt frå vår side saman med ei lang rekke medarbeidarar frå mange deler av sjukehuset. Alle desse fortener stor takk for fantastisk og avgjerande innsats.

Her kan du lese meir om Sven Young sitt arbeid i Malawi



To menn og ei kvinne smiler mot kamera

Jon Wigum Dahl, Marit Mohn og Trond Mohn. Marit og Trond har begge støtta bygginga av LION.

Viktige støttespelarar

Trond, Marit og Louise Mohn har alle har bidratt med store pengegåver til satsinga i Malawi.

- Eg er imponert over dei, seier Hansen.

Samla har donorar gjeve over 300 mill.kr. til LION-satsinga. 

- Vi hadde ikkje kunna gjennomført dette utan gåvmilde donorar som er opptekne av utvikling av betre helse og sjukehustenester i Malawi. Vi har og hatt eit godt samarbeid med fleire internasjonale samarbeidspartar som t.d. AO Alliance (Sveits) m.fl. Det har og vore eit gledeleg godt samarbeid med den norske ambassaden i Malawi. Dei har vore og er positive samarbeidspartar både når det gjeld økonomiske bidrag og samspel med lokale styresmakter, fortel Hansen.


Mange mesnnesker samla inne i eit sjukehusrom med avansert utstyr

Sven Young og president Chakwera.

 
Hansen fortel at styresmaktene og helsetenestene i Malawi har engasjert seg og er opptekne av å ta arbeidet vidare. 

- Det er tilsett dyktige og engasjerte leiarar lokalt som har vore på studiebesøk hos oss på HUS, seier han.

- Det viktige for oss no er å fortsette å bygge kompetanse saman med medarbeidarane på LION og støtte opp under den vidare utviklinga av tenestene. Vi har mange som er på lengre eller kortare utvekslingsopphald i Lilongwe. Dei eg møter er fulle av inspirasjon og motivasjon og fortel at dei lærer mykje og gjer seg viktige erfaringar som dei tek med heim til HUS.
 

To menn i kvit frakk framfor nytt radiologibygg

Det nye radiologibygget er fullt utstyrt, og alt er finansiert av Trond Mohn.

Plakett med takk på veggen utanfor nytt radiologibygg

Plakett med takk til Trond Mohn.​