Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fertilitetssenteret blir i KK-bygget

Par som skal til Fertilitetssenteret for behandling, skal fortsatt møte i underetasjen i KK-bygget når resten av Kvinneklinikken flyttar 7. november.

Publisert 02.11.2023
Sist oppdatert 04.09.2024

Når resten av Kvinneklinikken flyttar til Glasblokkene 7. november, blir Fertilitetssenteret igjen i KK-bygget, som snart skiftar namn til Årstadhuset. 

Fertilitetssenteret, som har arbeidd med assistert befruktning sidan 1987, vil inntil vidare halde til i dagens lokale i underetasjen i KK-bygget. I løpet av neste år flyttar senteret til Marie Joys hus.

Inngang til Fertilitetssenteret vil fortsatt vere via hovudinngangen i KK-bygget og ned trappa/heisen til underetasjen   


Fakta om Fertilitetssenteret

Fertilitetssenteret tilbyr behandling til par med ønske om barn. Kvart tiande par i fruktbar alder er ufrivillig barnlause. Assistert befruktning er befruktning som skjer utanfor kroppen eller ved inseminasjon. Dette er blitt ein vanleg måte å hjelpe ufrivillig barnlause til å bli foreldre. 
Over 70 prosent av dei som startar behandling hos Fertilitetssenteret vil lukkast med å få barn. Det vil variere om det er på første egginnsetting eller om ein treng fleire egginnsettingar for å oppnå graviditet.​