Eit dryss av innflyttingsgåver frå Haukelands Venner i 2024
Haukelands Venner har vore tett på flyttinga av Barne- og ungdomsklinikken til Glasblokkene. Gjennom heile 2024 har stiftinga prioritert tiltak som skaper glede og betrar kvardagen for unge pasientar og familiane deira.

– Flyttinga av barne- og ungdomspasientane har vore vår viktigaste sak i 2024. Difor har vi lagt ekstra innsats i tiltak som gjev barna ei betre oppleving på sjukehuset, fortel Helge Dyrnes, styreleiar i Haukelands Venner.
Glede og engasjement for barna
Takket vere generøs støtte frå faste gjevarar som GC Rieber Fondene og Bjørneseth Fond, samt viktige bidrag frå Krafttak mot kreft, Anna Jebsens minne, Sparebanken Vest og Grasrotmidlar, har Haukelands Venner kunna støtte fleire prosjekt i fjor. I tillegg har spleiselag med ulike fond, inkludert bidrag frå Kavli-tilsette og ei testamentarisk gåve på heile 2 millionar kroner, gjort det mogleg å doble midlane og styrke innsatsen ytterlegare.

- Radiostyrte bilar som skaper spenning og leik på avdelingane.
- Slushmaskinar for å gje barna noko ekstra godt.
- Det interaktive "levande golvet", som inviterer til leik og aktivitet.
- Leikekassar til bruk både på pasientrom og avdelingar.
- Solide leikemøblar til Habiliteringssenteret for barn og unge.
– Maskoten Eikorn er ein annan nyheit som skapar smil og engasjement hos barna. Små detaljar som dette gjer ein stor forskjell, seier Dyrnes.
Støtter avansert heimesjukehus
Haukelands Veners største gåveprosjekt i 2024 har vore å dekkje leasingkostnadene for bilane som vert nytta i Avansert Heimesjukehus (AHS).

Sammen med samarbeidspartnarar har stiftinga i fleire år bidrege til dette, og i 2024 auka talet på bilar til tre, med vesentleg støtte frå Kavli-tilsette.
– Prosjektet har vore ein stor suksess. Det sparar barn og pårørande mange timar på kvar kontroll eller behandling samanlikna med sjukehusbesøk, fortel Dyrnes.
Eit løft for palliasjon
Palliativ avdeling har òg fått stor merksemd i 2024. Avdelinga, som no held til i toppetasjen av Glasblokkene, har fått spesialtilpassa kvilestolar, nye bilete og eit meir heimekoseleg miljø.
– GC Rieber Fondene har vore ein avgjerande samarbeidspartnar for å få dette til, fortel Dyrnes.
Festivalar, leiker og premiar
Haukelands Venner bidreg kvart år med innkjøp av tusenvis av leiker og premiar til barna på sjukehuset. I tillegg har dei støtta vår- og haustfestivalar der terapeutar har samarbeidd om aktivitetar, leiker og premiar. Grilldag i juni, Urtehagen på taket og gratisbillettar til Fløybanen, Ulriksbanen og Akvariet.

– Vi ønskjer å skape augeblink av glede og samhald for pasientane og familiane deira. Desse aktivitetane er viktige for å gje barna noko å sjå fram til, også i ein vanskeleg kvardag, seier Dyrnes.
Ny giv for 2025
Etter eit rekordår i 2024 er målet for neste år å oppretthalde nivået. Haukelands Venner håpar på vidare støtte frå både eksisterande og nye gjevarar.
– Vi er heilt avhengige av faste gjevarar, men òg nye bidrag frå verksemder og privatpersonar. Kavli-tilsette som donerer julegåver gjennom «Gi gåva vidare»-initiativet, er eit godt døme på kva vi kan få til saman, seier Dyrnes.
Stiftinga har òg eit nyttårshåp om at fleire tilsette ved Haukeland universitetssjukehus vil fortelje pasientar og pårørande om kva Haukelands Venner bidreg med.
– Jo fleire som kjenner til oss, jo meir kan vi utrette. Vi håpar at både gjevarar og støttespelarar ser verdien i arbeidet vårt, og at vi saman kan skape endå fleire gode augeblink i 2025, fortel Dyrnes.
– Det er godt med gode vener. Haukelands Venner viser eit stort engasjement for sjukehuset og våre pasientar. Vi er takksame for alt dei bidreg med. Kvar gest betyr mykje for våre pasientar og familiane deira, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.