- Ei helseteneste i verdsklasse
Det var beskrivelsen helsemnister Ingvild Kjerkol gav då ho stod for den offiselle opninga av Glasblokkene.

- Dette er ein gledens dag. Eit strålande bygg som viser fram ei vinnaroppskrift for skiftet vi må gjennom for å også framover ha ei helseteneste i verdsklasse. Samle kompetanse, auke samhandling og styrke samarbeid.
På Luciadagen, 13. desember 2023, klippa statsråden raud snor foran ei stor forsamling av gjestar, samarbeidspartnarar og engasjerte medarbeidarar som har vore involvert i arbeidet. Ordførar Marit Warncke fekk overbrakt ei helsing på vegne av heile Vestlandet. Ho trakk blant anna fram flytinga av Kvinneklinikken til nybygget.
-Eg synest det er spesielt flott at Kvinneklinikken har fått eit nytt hus etter nesten 100 år. Dei aller fleste av oss har eit forhold til den gamle Kvinneklinikken; vi har fødd barna våre der, er fødd der sjølve, eller har vore på besøk. Vi har alle minner derifrå. No unnar vi både dei tilsette, kvinner og deira familiar å få komme inn i desse flotte og moderne lokala tilpassa dagens behov.

Eit sjukehus i barnehøgde
For arkitektane er 17 års jobb no avslutta.
- Det har vore fantastisk å sjå at det vi planla for så mange år sida faktisk har blitt slik vi håpte på. Eg føler meg som ei mor som har sett barnet sitt vekse opp. No har det blitt ungdom, og eg må sleppe taket. Det er rart, vanskeleg og fint på same tid. Det er ein rørande dag, smilte ein vemodig og stolt Nina Kielland.
Tonar, tårer og takksemd
Det var ikkje berre arkitektane som blei rørte. Nystemten på el-gitar. Luciatog- og sang av barna i Vognstølen barnehage. Og tilsett-koret som song til lyden av premature George sine hjarteslag. Det var mykje som fekk fram både tårer og takksemd på den historiske dagen.

Det blei også plass til smil og latter. Åtte konfettirøyr med glitrande gull blei sendt utover forsamlinga med eit heftig drønn i veggane. Og då folk for første gong fekk møte Glasblokkene sin nye maskot, dukka det opp mange smil både hos små og store.

Ida Elisabeth Nordvik og Leila Rezzouk representerte Ungdomsrådet og brukarpanelet til Kvinneklinikken. Denne gongen fekk dei både jobben som snorhaldarar - og takk for innsatsen for viktige innspel på vegen inn i Glasblokkene.

- No ligg alt til rette for at barn og unge skal få ein god og samanhengande helseteneste, sa Ida før Leila fortsette: Dette er eit fantastisk bygg. No ønskjer vi at alle kvinner skal bli møtt med eit individuelt tilpassa tilbod - og tilstrekkeleg med fagfolk. Takk for at vi får vere med!
Tid for å takke
Administrerande direktør Eivind Hansen brukte tida på å takke.
-I arbeidet med å reise Glasblokkene med 8 blokker har vi hatt rause bidragsytarar. Storting og regjering har løyvd midlar og gitt oss lån og løyve til å bygge. Helse Vest har støtta oss gjennom heile prosessen og sendt pengar og lån vidare. Trond Mohn, Christian Rieber, Haukelands Venner og mange fleire har støtta oss med rause gåver og er med i dag. Takk for at de brenn for barn, unge og kvinner og blir med å realisere draumar.

- Takk til tidlegare direktørar, og til min forgjengar Stener Kvinnsland. De har hatt store ambisjonar, lytta til folket rundt dykk, og vore med for å få oss hit vi er i dag. Takk til alle som har arbeidd med bygget frå arkitektar, entreprenørar og ei lang rekke leverandørar med sine gode fagfolk som har bygd dette flotte bygget. Takk til Helse Vest IKT som har bidratt gjennom år med planlegging og gjennomføring. Og til slutt: Takk til alle våre interne krefter. Programleiing, eit fantastisk prosjektmiljø både på bygg og organisasjonsutvikling. Takk til klinikkar og støtteeiningar. Takk til tillitsvalde, verneombod og alle tilsette som har involvert seg eller blitt involvert. Takk for år med planlegging, engasjement og involvering. No er vi i mål. Tusen takk!