Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lorentz Linde ny direktør på Kvinneklinikken 

Lorentz Erland Linde er tilsett som ny direktør på Kvinneklinikken. Han tiltrer allereie 18.september.  

Publisert 17.09.2024
Lorentz Linde og Eivind Hansen håndhilser

- Eg er glad for at Lorentz har takka ja til denne viktige stillinga. Han kjem frå stillinga som klinikkoverlege på KK, og har svært gode føresetnader for å lykkast med denne spennande og krevjande jobben, seier administrerande direktør på Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen. 

Hansen understrekar at Linde skal leie ein flott kvinneklinikk med mange kompetente og dyktige medarbeidarar som kvar dag gir gode helsetenester til pasientar i vårt område og at forsking, utdanning og fagleg utvikling også er ein veldig viktig del av tenesta.  

- Linde tek over stillinga etter Susanne Albrechtsen som har utvikla klinikken gjennom leiarskapen sin. Den siste tida har Martha Vadset fungert i stillinga. Eg vil nytte høvet til å takke begge desse for den viktige innsatsen, seier Hansen. 

- Kvinneklinikken skal no utviklast vidare med ny direktør. Eg ønskjer Lorentz Linde og alle medarbeidarane på KK lykke til med oppdraget, avsluttar Hansen.  

-Stor respekt for oppgåva  

- Eg vil først og fremst takke for tilliten. Det er utruleg kjekt å få jobben som direktør for Kvinneklinikken. Dette er ei leiaroppgåve eg har stor respekt for. Det er ein klinikk som rommar hendingar frå starten av livet til slutten av livet, frå hyperakutte hendingar på Fødeavdelingen til tidkrevjande detaljarbeid på operasjonsstovene, seier den nye KK-direktøren. 

Linde starta ved Kvinneklinikken i 2013, er spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar og har doktorgrad om temaet gjentakingsrisiko av alvorleg bløding i fødsel. Han vore føretakstillitsvald for yngre legars foreining og utdanningsansvarleg for LIS-legane ved KK. 

Lorentz Linde erkjenner at Kvinneklinikken har vore gjennom nokre tøffe månader og at  vegen vidare vil by på utfordringar.  Men Linde lèt seg vanlegvis ikkje stoppe av motbakkar. 39-åringen frå Landås har personleg rekord på imponerande 9:14 i Stoltzen. 

- Eg har rekt opp handa og sagt at eg ønskjer å leie an, men eg står ikkje åleine. Eg har ei fantastisk leiargruppe bak meg og på klinikken er vi om lag 450 tilsette som alle bidreg på kvar sin måte til at vi saman leverer god og forsvarleg helsehjelp til eit breitt spekter av pasientar, seier Linde.  

Viktig med trivsel på jobben 

Han er spesielt oppteken av medarbeidarane som står på døgnet rundt for kvinnene i Haukelands nedslagsfelt.  

- I krevjande tider er det viktig å ta vare på kvarandre. Ein av mine viktigaste oppgåver er å bidra til nettopp dette og for meg betyr det å møte kollegaer og pasientar på ein god og respektfull måte. Eg meiner det er ein grunnleggande premissfaktor for at medarbeidarar skal trivast på jobb og det er ein av dei viktigaste verdiane eg har med meg i rolla som leiar. Eg set pris på eit smil og latter og eg gler meg til å komme rundt i avdelingane og helse nærare på alle dei fine folka, avsluttar Lorentz Linde.