Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

KK ønsker å høyre om fødsels- og barselopplevinga di

Har du fødd eit barn på Haukeland universitetssjukehus i løpet av dei siste 6 månadane? Då inviterer Kvinneklinikken deg til å delta i ei spørjeundersøking der du kan dele erfaringane dine.

Publisert 18.12.2023
Sist oppdatert 21.02.2025
En mann og kvinne med et barn
Alle kvinner som har fødd ved Kvinneklinikken i Bergen i tidsrommet juni 2023 til og med mai 2024 vil få invitasjon til å delta i undersøkinga.

- Vi ønsker å kartlegge erfaringa til dei fødande, og kor tilfredse dei er med fødsels- og barselomsorga dei mottok i forbindelse med fødselen, fortel assisterande klinikkdirektør ved Kvinneklinikken (KK), Martha Svarstad Vadset. 

- Tilbakemeldingane er viktige for at vi skal identifisere forbetringsområde og utvikle fødsels- og barselomsorga vår vidare.  
 

Inviterer brukarane til samarbeid

Invitasjon til å delta i den frivillige og anonyme spørjeundersøkinga vil bli sendt på SMS til kvinner som fødde for 6 månader sidan. Dei første sms-ane blir sendt ut i desember, og kvar månad gjennom heile 2024 vil nye kvinner få sms. Det betyr at alle kvinner som har fødd ved Kvinneklinikken i Bergen i tidsrommet juni 2023 til og med mai 2024 vil få invitasjon til å delta i undersøkinga. 

 
- Slik får vi med erfaringar frå både dei som har fødd i Gamle KK og dei som har fødd i dagens KK i Glasblokkene, seier Vadset. 

 
Gjennom ei slik spørjeundersøking ønsker Kvinneklinikken å invitere til samarbeid med brukarane i utviklinga av fødsels- og barselomsorga. 

- Gjennom å bidra med sine erfaringar får kvinner sjansen til å påverke fødsels- og barselomsorga ved Kvinneklinikken i Bergen. Brukarane si stemme er viktig for oss, understrekar Vadset. 
- Svara vi får vil vi bruke til å jobbe vidare med utviklinga av tilbodet vårt. Håpet er at flest mogleg av dei 4200 kvinnene som føder i løpet av eit år vil ta seg tid til å svare på undersøkinga. 
 

Frå forventningar til erfaringar

Det er fag- og forskingsjordmor Linn Marie Sørbye som er prosjektleiar for undersøkinga.  

- Då vi gjennomførte brukarundersøking sist i 2019, var fokuset på kva forventningar kvinnene hadde til fødsels- og barselopphaldet. Forventninga var mellom anna at partnar skal ha sin naturlege plass gjennom heile forløpet på Kvinneklinikken, og å bli tatt på alvor gjennom å bli lytta til, vist respekt, og gjennom reell medbestemming. Vidare hadde brukarane mange forventningar til barselomsorga, der dei framheva betydninga av kommunikasjon, tilgang på hjelp og rettleiing, kvalitet i oppfølginga og lengda på barselopphaldet, fortel Sørbye. 

- No kartlegg vi kor tilfredse dei er med fødsels- og barselomsorga. Vi spør om alt frå relasjonen til helsepersonell, informasjonen dei fekk, rammer og organisering, medverknad og ivaretaking av partnar. Vi har brukt dei same spørsmåla som er brukt i den nasjonale pasienterfaringsundersøkinga, PasOpp.  Dette gjer at vi har moglegheit til å evaluere kvinners erfaringar med fødsels- og barselomsorga over tid. 

 
Satsing på kvinnehelse 

Kvinneklinikken jobbar langsiktig og strategisk for å utvikle kvaliteten på omsorga dei tilbyr. Ei viktig brikke inn i dette arbeidet er eit tettare samarbeid mellom Kvinneklinikken og utdanningsinstitusjonane. Linn Marie Sørbye har delt stilling som fag- og forskingsjordmor på Kvinneklinikken og som førsteamanuensis ved jordmorutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Delte stillingar bidrar til kompetansedeling og at Kvinneklinikken kan gjere seg nytte av viktig kompetanse på utdanning og forsking, som kjem pasientnær forsking til gode.