Bioingeniørane sin dag
I dag 15. april er det bioingeniørane sin dag, og det vart markert med kake, twist og ballongar på fredag.

Bioingeniør Anne Kari Støle tek morgonruta med blodprøvar på Kysthospitalet i Hagevik. Alle trallene til Bioingeniørane i Helse Bergen var pynta med ballongar i samband med feiringa fredag.
Ein variert jobb

Mia Hjelle, som her viser korleis ein tek ein blodprøve, fortel at det beste med jobben er at han er så allsidig. At ein kan gå frå å handtere store maskiner til pasientkontakt, som ved ein blodprøve. Bioingeniørane må ha IT-kunnskap, vere gode i møte med pasientane og kunne analysere det ein får av prøver.

Dei to bioingeniørane Mia Hjelle og Julie Christin Dahl Johnsen har det kjekt på jobb, etter prøvetaking får Julie eit smilefjes på plasteret.
Ein av plassane prøvane som blir tatt kan hamne, er i maskina Asma Ben Fadhel viser fram. Ho jobbar i Mikrobiologisk avdeling og her analyserer dei mellom anna klamydiatestar som kjem inn frå både sjukehuset og frå primærhelsetenesta. Her er målet å gi svar på folk sine prøvar raskt, men utan at det skal gå utover kvalitet. Asma fortel at det er spennande å kunne gi svar til dei som har sendt inn prøven sin.

Asma Ben Fadhel tek imot prøvar frå heile Vestlandet. Akkurat no er det prøvar frå klamydiatestar som går i maskina, men mykje anna kan testast her.

Hilde Vines er fagbioingeniør, her har ho tilsyn og vedlikehald på laboratoriet sine instrument i Mottaksklinikken. - Det er viktig at analysane av blodprøvene kan utførast heile døgnet, så maskinene skal ha minst mogleg nedetid, seier ho.

Åsne Ree Michelsen får prøvar frå akutten. Dei må behandlast fort då det ofte hastar med svar før ein kan utføre for eks. operasjonar.