Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bergensdata i verdas største studie på slitasjegikt

To forskarar frå Haukeland universitetssjukehus har levert nøkkelinformasjon til ein historisk stor studie som no blir publisert i det prestisjetunge tidsskriftet Nature. Studien viser at gen kan bidra til å peike ut både nye og allereie eksisterande legemiddel som kan brukast i behandling av artrose – og at skreddarsydd behandling kan bli mogleg.

Publisert 11.04.2025
En mann og kvinne som poserer for et bilde
Ove Nord Furnes, overlege og leder for Nasjonalt Register for Leddproteser og Anne Marie Fenstad, biostatistiker ved Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for leddproteser og hoftebrudd.

Artrose er den største årsaka til smerte og funksjonsnedsetjing i verda, men trass i omfanget finst det framleis inga behandling som stoppar sjukdomsutviklinga. No kan ny kunnskap frå eit unikt internasjonalt samarbeid bli eit vendepunkt. 

Forskarar frå Leddregisteret under Ortopedisk klinikk har bidrege til det som no er den største genetiske studien i verda av artrose – med data frå både norske register og genetiske studiar gjort ved Haukeland. 

– Dette er ein stor dag for oss som har jobba i mange år med å samle inn og analysere data om leddprotesar. At materialet no er med på å gi ny innsikt i genetikken bak artrose, og mogleg framtidig behandling, er veldig inspirerande, seier Ove Nord Furnes, overlege og leiar for Nasjonalt Register for Leddproteser.

Lokale prøver – global innsikt 

Studien er leia av professor Ele Zeggini ved Helmholtz Institute i München, og omfattar genetisk informasjon frå nesten to millionar personar frå heile verda. Det gir heilt ny innsikt i kva gen som påverkar risikoen for å utvikle artrose – og peikar ut over 900 genetiske område som har samanheng med sjukdommen. Ti prosent av desse områda kodar for protein som allereie er mål for godkjende legemiddel, noko som opnar for raskare utvikling av ny behandling. 

Bidraget frå Haukeland har vore todelt: Data frå Leddregisteret er brukte til å kople genetisk informasjon frå HUNT-deltakarar (Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag)- til faktiske tilfelle av innopererte hofteprotesar på grunn av artrose. I tillegg er det brukt data frå ein eigen genetisk studie ved Haukeland i samarbeid med professor Mark Wilkinson i Sheffield, der pasientar med både faste og lause hofteprotesar har levert spyttprøver til analysen. 

– At våre eigne datakjelder og prøver frå norske pasientar no er del av ein Nature-publikasjon, viser verdien av langsiktig, systematisk registerarbeid, seier Anne Marie Fenstad, biostatistikar ved Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for leddprotesar og hoftebrot og medforfattar på studien.

Kan bane veg for skreddarsydd behandling 

I tillegg til å peike ut lovande mål for legemiddelutvikling, gir studien ny innsikt i kva for nokre biologiske prosessar som spelar ei rolle i utviklinga av artrose – mellom anna den biologiske klokka og funksjonen til gliacellene. Dette opnar for meir målretta behandling i framtida, meiner forskarane bak. 

– Vi er stolte over å vere med på ein studie som ikkje berre utvidar forståinga vår av artrose, men som også legg eit viktig grunnlag for meir presis og personleg tilpassa behandling, seier Furnes. 

– Det er ekstra motiverande å sjå at innsatsen vi har lagt ned i innsamling og analysar over fleire tiår no får ny verdi i det globale forskingslandskapet. Artrose er ein folkesjukdom – og vi håper dette blir eit steg nærare betre behandling for mange, seier Anne Marie Fenstad. 

Her er lenkje til studien:

Translational genomics of osteoarthrititis >> (pdf)