Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barnesykehuset har premiere 3. mars

Måndag 3. mars er det premiere på «Barnesykehuset», dokumentarserien som gir eit unikt innblikk i kvardagen på sjukehuset – gjennom å følge åtte av våre flotte kollegaer på jobb.

Publisert 14.02.2025
Sist oppdatert 21.02.2025
En gruppe mennesker i blå skjorter

– Dei åtte hovudkarakterane i serien gjer ein fantastisk jobb på vegne av oss alle, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander.

– Dei har funne fram til viktige pasienthistorier og gode kollegaer, hatt fotograf og til tider regissør med på jobb og brukt tid og krefter på produksjonen. Vi er svært takknemlege for at dei har stilt opp for NRK og sjukehuset det siste året. No gler vi oss til å følge dei via tv-skjermen.

Serien har åtte episodar á 30 minutt.​ Alle episodane blir publisert samtidig i NRK TV. På NRK1 blir episodane sendt kvar måndag kl. 20.00

Sjå promovideo

Behalde og rekruttere

For sjukehuset er serien eit viktig bidrag til  det å behalde og rekruttere medarbeidarar. Det inngår også i målet om å vere eit ope og tilgjengeleg sjukehus.
– Ikkje minst håper vi det aukar kunnskapen og forståinga om både det å vere pasient og pårørande, og det å arbeide med barn og unge frå fødsel til ung vaksen, seier Vigander.

– Vi skuldar også alle pasientane som er med ein stor takk for å ha stilt opp – utan dei kunne vi ikkje ha vist fram jobben vi gjer.

Gjennomsyn og godkjenning

Dei siste månadane har NRK og sjukehuset vore gjennom eit omfattande etterarbeid. Av alle opptaka som er gjort har det blitt laga åtte episodar, forteljingar frå sjukehuset som er sett saman, klipt om, sett saman på nytt og bearbeida for å bli best mogleg.  

Før opptak fekk alle informasjon om serien, og dei som blei med måtte samtykke til filming. Pasientar og pårørande måtte gi fritak frå teieplikta. I etterkant har alle som medverkar i dei endelege episodane fått tilbod om å sjå gjennom, godkjenne og samtykke til publisering. Dette gjeld sjølvsagt hovudkarakterane, pasientar og pårørande, men også alle tilsette som har bidratt som bikarakterar i serien.