Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn og unge på plass i Glasblokkene

- Hipp, hipp hurra!! I dag vandra eit historisk barnetog frå gamle lokalar i Marie Joys’ hus til den nye Barne- og ungdomsklinikken i Glasblokkene.

Publisert 04.11.2023
Flere barn og voksne går i tog med ballonger og flagg

- Det var heilt fantastisk! Eg syns vi flytta inn med stor begeistring, seier ein rørt og glad klinikkdirektør Maria Vollsæter. - Alle er trygt fremme, og ting har gått etter planen. I dag er eg glad på vegne av pasientane og dei pårørande, og dei tilsette som har stått på og vært svært løysingsorienterte i travle veker og dagar. Endeleg er vi her!

Saman med sjukehusklovnar og sjukepleiarar, musikk- og spesialpedagogar og administrerande direktør Eivind Hansen fekk ho følgje dei første pasientane over til Glasblokkene. 

- Det var flott å sjå alle dei glade barna i toget, og dei tilsette som lagde dette til ei festreise. Både langs ruta og i det nye, fantastiske bygget møtte vi glade og smilande tilsette. Dette er ein gledens dag for pasientar, pårørande, tilsette og heile Helse Bergen. Det er svært mange som har stått på for at vi no er trygt og godt i hus, seier Eivind Hansen.  

Flere barn og voksne går i tog med ballongen
- Det var flott å sjå alle dei glade barna i toget, og dei tilsette som lagde dette til ei festreise, sier administerande direktør Eivind Hansen.

Siste mann på p​​lass 

Første pasient kom rett frå helikopterdekket og var på plass i Glasblokkene klokka 07.15 måndag morgon. Gjennom dagen vart 35 pasientar flytta frå Barne- og ungdomsklinikken.  

Julie, Stian og vesle Jakob var dei siste som flytta frå Nyføddintensiv. Jakob kom til verda 10 veker før termin, og den vesle familien har vore på Nyføddintensiv vel ein månad. Enno er det nokre veker til det som skulle vore termindato i slutten av november, når dei forhåpentlegvis får reise heim. Men før det, er familien på tre blant dei første familiane som får oppleve korleis det er å vere pasient og pårørande i Glasblokkene.

- Flyttinga har gått fint, det gjekk veldig radig for seg, seier Stian.
- Det var spennande å få vere med på, supplerer Julie.

En mann og kvinne ved siden av en baby på nyfødtintensiv
Julie, Stian og vesle Jakob var dei siste som flytta frå Nyføddintensiv. Her er dei på plass i nye lokaler i Glasblokkene.

Dei har alt kome inn på sitt nye rom og begynt å finne seg til rette. Noko vart flytta bort i går, no er resten på plass – og hovudpersonen sjølv, sjølvsagt: Jakob.

Julie og Stian trur det skal bli fint å vere i Glasblokkene også.  

Oppstart i førs​​te etasje 

I første etasje har kaféen hatt si første opningsdag. Og blant flyttefolk og folk som fiksar små og store detaljar i nytt bygg har dei første pasientane dukka opp til timane sine. Alle dei kirurgiske poliklinikkane er også på plass saman med radiologiske tenester og blodprøvetaking for barn og unge. 

- Det var planlagt over 65 pasientar på poliklinikkane i dag, så her er drifta i full gang. Dei neste dagane kjem det stadig fleire pasientar til Glasblokkene, seier programleiar Helge Bergmann. 


Palliativ sengepost på plass 

Palliativ sengepost flytta også inn tidleg på dag, og hadde med fem pasientar frå den gamle sengeposten i Sentralblokka til nye lokalar på toppen av Glasblokkene. 

- Tryggleiken om at det er hjelp å få når alvorlig sjukdom rammer er viktig for oss alle. Tilbodet vi har fått blir jo veldig synleg på ein dag som denne. Det er eit eventyr å få lov å flytte inn her, seier seksjonsleiar ved palliativt senter, Monika Kvamme. 

Rundt lunsjbordet i femte etasje er ein glad gjeng samla.  

- I dag er vi rett og slett takksame over å være på plass i denne fantastiske bygningen. Vi gler oss til å ta i mot pasientane våre her framover, seier seksjonsoverlege Katrin Rut Sigurdardottir. 

En gruppe mennesker som sitter ved et bord
God stemning på palliativ sengepost under den første lunsjen i nye lokaler.

7. november flytter også Kvinneklinikken​ inn i Glasblokkene.