Sju personar fekk augeskadar av nyttårsfyrverkeri, to brukte vernebriller
Det melder overlege Lasse Mulstad Skrivervik ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Tre av dei sju er alvorleg skadde, dei fire andre har augeskadar som er moderat alvorlege.
1. nyttårsdag kvart år blir det samla inn tal på kor mange som er behandla for augeskadar etter nyttårsfeiringa, frå alle augeavdelingane i heile landet.
Årets skadetal er noko lågare enn i fjor, då var det 10 som fekk augeskadar.
Av dei tre som er alvorleg skadde er det to menn og ei kvinne. Ingen brukte vernebriller. Kvinna var tilskodar.
- Fem av skadane skjedde ved bruk av effektbatteri. For to av skadane har ein ikkje opplysningar om kva type fyrverkeri det var, opplyser Skrivervik.
Den eine skaden med effektbatteri skjedde ved at eit batteri velta på nær avstand og personen vart treft av ein rakett direkte mot auget. Ein annan skade skjedde då ein rakett kom på avvege under oppskyting av eit fyrverkeribatteri. Raketten trefte personen i auget.
-Det er positivt at årets tal er lågare enn tidlegare år. Om det er ein trend eller tilfeldig kan vi ikkje vite enno, men vi håper det er ein trend, seier Skrivervik.
Han ønsker, som kollega Nils Bull, forbod mot privat fyrverkeri.
- Ein kvar augeskade på grunn av fyrverkeri er ein augeskade for mykje, understrekar han.
Definisjonar på augeskadetypane
- Alvorleg augeskade:Er forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
- Moderat alvorleg augeskade:Kraftig akutt skade, men er ikkje forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
- Lette augeskadar:Blir behandla ved legevakt og er ikkje rekna med i denne oversikta.
Ofte blir det etteranmeldt skadar dei første dagane etter nyttår, slik at det opprinnelege skadetalet blir justert opp.
Augeskadar etter nyttårsaftan på landsbasis frå dei siste åra:
- 2024/2025: 7 skadar – 3 alvorlege og 4 moderat alvorlege
- 2023/24: 10 skadar- 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
- 2022/23: 10 skadar- 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
- 2021/22: 12 skadar – 4 alvorlege og 8 moderat alvorlege
- 2020/21: 11 skadar- 3 alvorlege og 8 moderat alvorlege
- 2019/20: 15 skadar- 4 alvorlege og 11 moderat alvorlege
- 2018/19: 16 skadar- 5 alvorlege og 11 moderat alvorlege
- 2017/18: 9 skadar- 3 alvorlege og 6 moderat alvorlege
- 2016/17: 12 skadar- 4 alvorlege og 8 moderat alvorlege
- 2015/16: 18 skadar –6 alvorlege og 12 moderat alvorlege
- 2014/15: 16 skadar – 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
- 2013/14: 15 skadar - 7 alvorlege og 8 moderat alvorlege
- 2012/13: 17 skadar - 5 alvorlege og 12 moderat alvorlege
- 2011/12: 16 skadar - 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
- 2010/11: 17 skadar - 6 alvorlege og 11 moderat alvorlege
- 2009/10: 10 skadar - 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
- 2008/09: 10 skadar - 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
- 2007/08: 21 skadar - 6 alvorlege og 15 moderat alvorlege
- 2006/07: 20 skadar - 3 alvorlege og 17 moderat alvorlege
- 2005/06: 28 skadar – 6 alvorlege og 22 moderat alvorlege