Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Angstbehandling får Forskningsrådets innovasjonspris

Forskarane Gerd Kvale og Bjarne Hansen får innovasjonsprisen for behandlingsprogrammet The Bergen 4-Day Treatment.

Publisert 01.12.2022
Sist oppdatert 04.09.2024
to menn og to kvinner
Næringsminister Jan Christian Vestre, prisvinnarane Gerd Kvale og Bjarne Hansen, og administrerande direktør i Norges forskningsråd, Mari Sundli Tveit. Foto: Celine Berntsen
Forskningsrådets innovasjonspris for 2022 går til Gerd Kvale frå Universitetet i Bergen og Bjarne Hansen frå Helse Bergen for The Bergen 4-Day Treatment (B4DT), som har vist svært god effekt mot alvorlege angstlidingar som OCD, panikkangst og sosial angst. 
Innovasjonsprisen blir delt ut årleg til ein person eller verksemd som har brukt forsking strategisk i sitt innovasjonsarbeid, og på den måten skapt forskingsbasert innovasjon. Næringsminister Jan Christian Vestre overrekte i dag prisen til vinnarane.

– Årets vinnarar av innovasjonsprisen viser på imponerande vis korleis grunnleggande forsking kan bane veg for nyskaping med internasjonal gjennomslagskraft. Gerd Kvale og Bjarne Hansen har kombinert forskingsbasert kunnskap, engasjement og innovasjonskraft til å utvikle eit tilbod som allereie har gitt mange menneske eit betre liv, seer Forskningsrådets administrerande direktør Mari Sundli Tveit. 

B4DT har fått stor merksemd nasjonalt og internasjonalt, og Kvale og Hansen er blant anna blitt inkludert på Time Magazines liste over 50 personer som forvandler helsetjenestene.

- Det er stort at våre fagfolk i Helse Bergen får ein så viktig og høgthengande pris.  Vi er veldig stolte og gratulerer Bjarne Hansen og Gerd Kvale på det varmaste. Å få innovasjonsprisen er ei viktig anerkjenning av arbeidet og løfter samtidig tydinga av å tenke nytt og innovativt innan helse. 4-dagarsmetoden har på mange måtar revolusjonert behandlinga innan angst- og tvangslidingar, og Gerd og Bjarne har blitt ei nasjonal og internasjonal merkevare.  Dei utviklar også metoden kontinuerleg. Eg var sjølv og besøkte dei sist veke og hadde eit sterkt møte med ein pasient som ved hjelp av denne behandlinga hadde fått eit heilt nytt liv. Dette er forsking og behandling som verkeleg utgjer ein forskjell, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen. 

Gjennom B4DT kan pasientar som er alvorleg ramma av OCD få hjelp til å kome ut av lidinga på fire dagar. Om lag 90 prosent av pasientane får signifikant betring, og fire år seinare er meir enn 70 prosent framleis friske. Meir enn 50 klinikkar i Noreg har tatt metoden i bruk, og i tillegg er det etablert 4-dagars teams i Sverige, Finland, Tyskland, Singapore og på Island, og eit tilbod er under oppbygging i USA. 

– Det er fantastisk gledeleg at Forskningsrådet vel å gi Innovasjonsprisen til B4DT! Det å få lov til å bidra til at forsking så direkte kan vere med på å gi folk ein ny kvardag, er eit stort privilegium.  Eg trur at noko av nøkkelen til suksessen ligg i at vi så systematisk har lagt til rette for å fortløpande kombinere det kliniske arbeidet med kvalitetssikring der vi sjekkar om det verkar – og på toppen av det heile integrerer det med grunnleggande forsking, seier Gerd Kvale. 

– Denne prisen skil seg på mange måtar frå anna merksemd og gode tilbakemeldingar vi har fått. For om det er noko vi brenn for, så er det nettopp innovasjon som kan omsetjast til praksis. Vegen frå innovasjon til noko som kan bety mykje for liva til folk kan vere kort, men då kan du ikkje berre sitje på eit kontor. Dette er lag-innovasjon, seier Bjarne Hansen.

Juryen for Innovasjonsprisen bestod av Kristin Halvorsen (Cicero og styreleder i Forskningsrådet), Eirik Næss-Ulseth (gründer), Tone Merethe Aasen (Trondheim kommune) og Mari Sundli Tveit (Forskningsrådet).


Juryens begrunnelse: 

Prisvinneren er et fremragende eksempel på en suksessrik tjenesteinnovasjon som bygger på grunnleggende forskning. Den er allerede tatt i bruk i USA og flere europeiske land, i tillegg til i Norge. Forskerne har bygget på sitt omfattende forskningsarbeid innen psykologi og psykisk helse for å utvikle et nyskapende behandlingsopplegg med imponerende resultater blant pasienter med ulike psykiske lidelser. Forebygging av utenforskap og psykisk uhelse er en av vårt samfunns store utfordringer, og B4DT er et viktig bidrag til dette arbeidet. Slik kan metoden også få stor samfunnsøkonomisk betydning, ved å forebygge sykdom og bidra til økt deltakelse i arbeidslivet. B4DT er i tillegg et lysende eksempel på innovasjonskraften i offentlig sektor.