25 millionar til forsking på Alzheimers
Nasjonalt program for klinisk behandlingsforskning i spesialisthelsetjenesta (KLINBEFORSK), vedtok nyleg å tildele 25 millionar kroner til ein dobbeltblinda utprøvingsstudie for ny behandling mot Alzheimer sjukdom i Helse Bergen.

Største løyvinga til demensforskning i Helse Bergen
I overkant av 100.000 personar lever med demens i Noreg i dag, og dette talet vil bli meir enn dobla fram mot 2050. Dette fordi høg alder er den viktigaste risikofaktoren for demens, og vi lever i snitt lengre enn før. Alzheimer sjukdom er den vanlegaste forma for demens. Studien skal involvere pasientar med tidleg Alzheimer demens frå heile landet.
Dette er den største løyvinga som er gitt til demensforsking i Helse Bergen. Forskingsarbeidet skal skje i samarbeid mellom Neuro-SysMed og Haraldsplass. Kristoffer Haugrvoll skal leie prosjektet.
— Dette er ei særs gledleg tildeling, det betyr at me får sjansen til å prøve ut ei ny behandling for Alzheimer sjukdom i heile landet. Det er berre gjennom ei slik utprøving at vi kan vite sikkert om behandlinga har nytte for pasienter og pårørande, seier Kristoffer Haugarvoll som er leiar for prosjektet.
Onsdag vart tildelinga markert. Administrerande direktør, Eivind Hansen, var òg til stades for å gratulere forskingsgruppa.
— Dette er ei stor hending, og det ligg mykje godt arbeid bak! Prosjektet er viktig for det gode samarbeidet vi har lokalt, sa Hansen.

Eit viktig samfunnsmessig aspekt
Alzheimer sjukdom er allereie den dyraste sjukdomen for norsk helsevesen, men om lag 80% av desse kostnadane er knytta til institusjonalisering i sjukeheimar. Belastinga for pasientar og pårørande knytta til Alzheimer sjukdom vil auke dramatisk i åra framover.
Det finst i dag ingen kur for Alzheimer sjukdom. Utvikling av ny behandling mot sjukdomen er såleis kritisk for einskildmenneske og samfunnet.
Studien som nå kan gjenomførast er ein dobbeltblinda utprøvingsstudie som skal finne ut om høgdose vitamin B3, i form av nikotinamid ribosid (vitamin B3/NR), påverkar sjukdomsutviklinga ved Alzheimer demens.
Studiar tyder på at vitamin B3/NR har ein gunstig effekt på ei rekkje hjernefunksjonar og kan gjere hjerneceller meir motstandsdyktige.
Vil gi viktige svar
I denne studien skal studiedeltakere med tidleg Alzheimer demens bli tilfeldig utvalde til å ta placebo, sukkerpille, eller ein høg dose med vitamin B3/NR.
Studien vil gje svar på om inntak av vitamin B3/NR verkeleg har ein effekt mot Alzheimer demens. I studien vil det i tillegg til klinisk undersøkjing, også bli gjort blodprøvetaking og biletundersøkjingar for å studere effekten av vitamin B3/NR. Studien varer 2 år for kvar studiedeltakar, med oppfølging undervegs. Omlag 300 pasienter med tidleg Alzheimer demens vil bli inkludert i studien.