Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

10 personar fekk augeskadar av nyttårsfyrverkeri, ein brukte vernebriller

Fem av dei ti er alvorleg skadde, melder overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Publisert 01.01.2024
Sist oppdatert 21.02.2025
Fyrverkeri på himmelen

1. nyttårsdag kvart år samlar Bull inn oversikt over kor mange som er behandla for augeskadar etter nyttårsfeiringa frå augeavdelingane i heile landet. 

Dette er skadetall på same nivå som i fjor.

- Fem av dei ti er alvorleg skadde. Dei fem andre har augeskadar som er moderat alvorlege, seier Bull.  

Portrett av lege med legefrakk og lue

Foto: Helse Bergen

Overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Ni menn, ein gutt.

- Dei fleste skadane skjedde ved bruk av effektbatteri. Ein fekk alvorleg augeskade då han stod bøygd over batteriet då det vart tent på.

- Ein av dei med moderat alvorleg augeskade brukte vernebriller. Utan vernebrillene ville augeskadane vore mykje verre, undertrekar Bull. 

Tilrår forbod mot ​privat fyrverkeri. 

- På 19 år har det vore 284 augeskadar, i tillegg kjem handskadar, brannskadar, høyrselstap og mange mindre skadar behandla på legevaktane. Einaste måten å få slutt på dette er ved å hindre tilgangen, seier Bull.

Definisjonar på augeskadetypane

  • Alvorleg augeskade:Er forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
  • Moderat alvorleg augeskade:Kraftig akutt skade, men er ikkje forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
  • Lette augeskadar:Blir behandla ved legevakt og er ikkje rekna med i denne oversikta.

Augeskadar etter nyttårsaftan på landsbasis frå dei siste åra:

  • 2023/24: 10 skadar- 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
  • 2022/23: 11 skadar- 4 alvorlege og 7 moderat alvorlege
  • 2021/22: 12 skadar – 4 alvorlege og 8 moderat alvorlege
  • 2020/21: 11 skadar- 3 alvorlege og 8 moderat alvorlege
  • 2019/20: 15 skadar- 4 alvorlege og 11 moderat alvorlege
  • 2018/19: 16 skadar- 5 alvorlege og 11 moderat alvorlege
  • 2017/18: 9 skadar- 3 alvorlege og 6 moderat alvorlege
  • 2016/17: 12 skadar- 4 alvorlege og 8 moderat alvorlege
  • 2015/16: 18 skadar –6 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2014/15: 16 skadar – 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2013/14: 15 skadar - 7 alvorlege og 8 moderat alvorlege
  • 2012/13: 17 skadar - 5 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2011/12: 16 skadar - 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
  • 2010/11: 17 skadar - 6 alvorlege og 11 moderat alvorlege
  • 2009/10: 10 skadar - 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
  • 2008/09: 10 skadar - 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
  • 2007/08: 21 skadar - 6 alvorlege og 15 moderat alvorlege
  • 2006/07: 20 skadar - 3 alvorlege og 17 moderat alvorlege
  • 2005/06: 28 skadar – 6 alvorlege og 22 moderat alvorlege

Nokre tall er gått opp i forhold til tidlegare års rapportar grunna ettermelding av skadar.

Spørsmål knytt til tala? 

Ta kontakt med overlege Nils Bull, telefon: 977 36 542