HELSENORGE

Informasjon til forskere

NoPaR bidreg gjerne med data til ditt prosjekt. Under finn du kodebøkene våre og standard søknadsskjema for tilgang til våre data.

​Under finn du kodebøkene våre og standard søknadsskjema for tilgang til våre data. Dersom du har søkt om datatilgang via helsedata.no i kombinasjon med tilgang til andre registre, er ikkje denne portalen tilkopla NIPaR, endå. Du må difor sende ein eigen søknad til NIPaR.​​​

Søknad om tilgang til data skal innehalde:

  • Standard søknadsskjema
  • Protokoll
  • REK-vedtak (om dette er aktuelt)
  • DPIA med fråsegn ved lokalt Personvernombod (om dette er aktuelt)
  • Variabelliste (dersom beskriving i søknadsskjema ikkje er tilstrekkeleg)
  • Koblingsskisse (dersom kobling med andre datakilder)​​​​
  • Annan relevant informasjon kring ditt prosjekt
Data frå Intensivregisteret og Pandemiregisteret let seg kombinere m​​ed kvarandre. Om du ynskjer dette må det gjerast greie for i søknaden til NIPaR.​

Søknaden sendast til: norskpandemi​register@helse-bergen.no

For nærare rettleiing kan du ringje:  55 97 70 56​​​

Søknad er fullstendig når NIPaR har mottatt all relevant dokumentasjon. NIPaR plikter å utlevere data innan 30 dagar etter søknaden er bekrefta mottatt. Dersom datautleveringa skal samstillast med andre register er fristen 60 dagar. Dette etter Helseregisterlova §19.  Ved særskilt grunn kan fristen overskridast, i så fall pliktar registeret å informere om årsaken til dette og gje opplysning om når utlevering kan ventast.

Pris på datautleveringar gjeldane for 2022/2023:

Prosjekt som krev arbeidstid på over 5 timar vert fakturert. Timepris: 700,- eks. mva. ​


​Om våre kodebøker

Kodebok pandemi: Her finn du vårt standard datasett for pandemipasientane, med beskriving av variablar.  

Fann du det du leita etter?