Pårørandetilfredsheit
Dette er ei ressurside for helsepersonell ved norske intensiveiningar og registrarar i Norsk intensivregister. Her finn du omtale om tidlegare gjennomførte prosjekt og ressuser for å utføre ei pårørandetilfredsheit undersøkjing, ved bruk av skjema FS-ICU-24. Dette er eit validert spøreskjema, for å kartleggje pårørande si tilfredsheit med pleie, behandling og avgjerder under opphald i intensivavdelingar.

Intensivpasientar er vanlegvis kritisk sjuke, svært svekka og ofte trøytte eller sovande som følgje av medikament eller sjukdommen i seg sjølv. Personalet kommuniserer difor mykje direkte med pasienten sine pårørande. Pårørande er til stades i varierande grad, og/eller har hyppig telefonkontakt med avdelinga. Forsking har vist at det ofte er samsvar mellom det pårørande og pasienten opplever.