Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Historikk

Norsk intensiv- og pandemiregister (NIPaR) – kort om bakgrunn og historikk

Kvifor vart NIR oppretta?

Norsk intensivregister (NIR) vart stifta i 1998 av Norsk anestesiologisk forening (NAF). Utgangspunktet var ein førespurnad frå helsestyresmaktene om kapasiteten i norsk intensivmedisin. Ein søkte då å kartleggje kapasiteten med tanke på tal på intensivsenger, respiratorar og personale. Samstundes ville ein samle inn nokre kjernedata om verksemda og resultat i norsk intensivmedisin. Sjå elles under om Føremål og Vedtekter.

Utvikling frå 1998 til og med 2010

I starten var NIR eit register med anonyme gjennomsnittstal for eit avgrensa utval av data (respiratordøger, liggjedøger, alder, overleving, alvorsskåre). Frå 2004 vart det primært samla inn data for kvart intensivopphald i staden for samledata (aggregerte data), og dette auka datakvaliteten og nytten av registeret monaleg (sjå figur). I denne perioden vart det også nedfelt føremål og vedtekter, det vart utarbeidd mal for data, instruksar for medlemskap og skåringar, og metodar for sikring av datakvalitet (validering). Samstundes vart fleire og fleire medlemseiningar rekrutterte.

graf

Utvikling frå 2011 til 2020

I 2010 fekk NIR konsesjon frå Datatilsynet og dispensasjon frå Helse- og omsorgsdepartementet til å registrere identifiserbare data, slik at vi frå 2011 kunne få pålitelege data på kjerneområda overleving, reinnleggingar og overflyttingar i intensivmedisinen. Konsesjonen og dispensasjonen vart fornya i samband med utviding av datasettet frå 2016. NIR har siden 2016 registrert data om influensapasientar på intensiv, og rapportert videre til Folkehelseinstituttet (FHI) i influensasesongen.

Utvikling frå 2020 til i dag

Tidleg i covid-19 pandemien inngjekk NIR eit samarbeid med FHI om registrering av intensivkrevande covid-19 pasientar. Mars 2020 fekk NIR i oppdrag frå Helsedirektoratet å registrere data om alle pasientar innlagt i spesialisthelsetenesta med covid-19. Allereie i slutten av mars var Norsk pandemiregister (NoPaR) oppretta og klart for registrering, samtidig som det ble oppretta ein datastraum til FHI for dagleg overføring av pasientdata til monitorering. Det nye namnet til registeret ble da Norsk intensiv- og pandemiregister (NIPaR). NIPaR er er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister med to deler, kvar NIR registrerar data om intensivkrevande pasientar og NoPaR registrerar data om pasientar innlagt i spesialisthelsetenesta med smittsam sjukdom under epidemiar eller pandemiar. 

NIPaR er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister, regulert av Helseregisterloven, Personopplysningsloven og Helsepersonelloven. NIR har frå 2011 brukt Norsk helsenett og plattforma Medisinske Registreringssystem (MRS).

På www.kvalitetsregistre.no kan du lese meir om føremålet med registra og om jus, personvern, lovverk og datatryggleik. Her finst også oversikt over alle registra med resultat.

Sist oppdatert 15.02.2024