Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Norsk diabetes biobank

Norsk Diabank

Norsk Diabank samlar inn biologisk materiale frå vaksne med diabetes til forskning. Formålet er å legge til rette for forsking som kan gi ny kunnskap om diabetes og å bidra til å betre diabetesbehandling.

Norsk Diabank er ein generell forskningsbiobank ved Haukeland universitetssjukehus som blei oppretta i 2017. Ansvarshavende for Norsk Diabank: Direktør, Prof. Gunnar Mellgren, Laboratorieklinikken (REK vest sak: 2017/270)
 
Det er fleire sjukehus som bidrar i innsamlinga: 
  • Nordlandssykehuset
  • St. Olavs Hospital
  • Oslo Universitetssykehus
  • Haukeland Universitetssjukehus
  • Region Nordhordaland Helsehus
  • Helse Fonna, Haugesund sjukehus
  • Stavanger Universitetssjukehus
Meir info om kor og korleis du kan donere prøve ved desse sjukehusa vil bli oppdatert her etter kvart som innsamlinga er i gang.
 
 
Norsk Diabank er samtykkebasert og samarbeider med Norsk diabetesregister for voksne om å samle inn prøver frå personar med diabetes. Du kan lese meir om registeret her: https://www.noklus.no/norsk-diabetesregister-for-voksne​​ 
 
Opplysningar frå registeret er eit viktig grunnlag for forsking om diabetes og diabetesrelaterte sjukdommar. Saman med opplysningar utleia frå det biologiske materiale, vil ein i framtida dele personar med diabetes inn i nye undergrupper basert på klinisk, genetisk og metabolsk utgreiing.
 
Målsettinga for forskingsaktiviteten er at ein slik inndeling kan medføre at pasientgruppen vil få betre og meir persontilpassa medisinsk behandling. 
 
Vi er takknemlege for at du medverkar til biobanken og ny kunnskap for framtida.
 

​Har du spørsmål eller ønsker å gi oss ei tilbakemelding?​


Telefon: 55973133



Sist oppdatert 01.10.2025