Informasjon til pasientar
Norsk brannskaderegister (NBR) er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister. Forskrift for medisinske kvalitetsregistre regulerer korleis NBR drives.
Hovudformålet med registeret er å auke kvaliteten på tenester til pasientar med brannskade ved norske sjukehus. Vi ønsker å bruke data frå registeret til å finne relevante kvalitetsindikatorar for god brannskadebehandling.
Registeret skal gi ei systematisk oversikt over forekomst og årsaker til brannskadar som krev innlegging i sjukehus, bidra til å sikre god kvalitet i brannskadebehandlinga i alle helseregionar og å sikre data til forskning på brannskadar.
Sist oppdatert 19.04.2023