Pakkeforløp psykiske lidingar hos barn og unge
Pakkeforløp for psykiske lidingar hos barn og unge skal bidra til at du får heilskapleg utgreiing og behandling utan at du må vente unødig.
I pakkeforløpet blir det lagt til rette for at du skal få vere med å uttale deg i avgjersler om behandlinga di, og for at behandlinga di skal bli vurdert undervegs. Det er eit mål at du som pasient skal vite kva som skal skje og når det skal skje.
Informasjon frå Helsedirektoratet
- Pakkeforløp for utgreiing og behandling i psykisk helsevern, barn og unge
- Pakkeforløp ved spiseforstyrringar hos barn og unge
- Pakkeforløp ved mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar hos barn, unge og voksne
- Pakkeforløp for utredning og behandling av tvangsliding (OCD)
Informasjon om behandling for psykiske lidingar på Haukeland universitetssjukehus
Pakkeforløp for psykisk helse og rus blir innført stegvis frå januar 2019. Eit viktig tiltak er forløpskoordinator ved alle avdelingar som tilbyr pakkeforløp. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med bestilling av timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.
Sist oppdatert 20.02.2023