Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Flyfoto av Sentralblokka

Vi bygger om og moderniserer Sentralblokka

Over ein periode på 10 år skal Sentralblokka bli modernisert i det som blir eit av de største prosjekta på Haukeland nokon sinne. Vi skal ta Sentralblokka inn i fremtida, og sikre kvalitet for pasientar og medarbeidare.

Sentralblokka var ferdig bygd i 1983, og vart høgtideleg opna 23.november same år. Nær 40 år etter gjekk startskotet for det omfattande arbeidet med å rehabilitere, bygge om og vidareutvikle dette landemerket i Bergen. Vi skal gjennomføre den største ombygginga i Haukelands historie. Alle avdelingane skal vere i ordinær drift, samstundes som dei skal rokkere rundt under bygginga.  

I tillegg til å bygge om og rehabilitere det gamle bygget, skal vi gjennomføre eit omfattande organisasjonsutviklingsprosjekt. Teknologi, arbeidsprosessar, kompetanse, kultur og organisering skal underbygge visjonen for kva den nye sentralblokka skal bli.  
 
Pasientar, pårørande og andre besøkande vil i åra framover oppleve at sentralblokka er under ombygging. Vi vil ha som mål å minimere belastinga for pasientar og pårørande i størst mogeleg grad.  

Tal og fakta

  • Antall kvadratmeter som skal bli rehabilitert: Ca. 150 000 m2 
  • Antall sengepostar: 30  
  • Antall pasientbesøk i Sentralblokka per år: Ca. 600 000 ​

​Kontaktpersonar

​​Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør​​. 
Merethe Storegjerde, programleiar
E-post: merethe.storegjerde@helse-bergen.no



Sist oppdatert 05.10.2023