Menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
Spesialisthelsetenesta skal bidra til varetaking av menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, i leverandørkjeda globalt og i alle aktivitetar lokalt.
Dette gjeld arbeidssituasjon, vilkår og arbeidsbelastning for dei menneskeleg ressursane som bidreg til at sjukehuset kan levere sine tenester. Det gjeld sjølvsagt for dei tilsette i sjukehuset. Men perspektivet her må vere vidare enn som så, og i tillegg inkludere innleigd personell, personell som bidreg til å byggje og utvikle infrastrukturen i sjukehuset, og personell som inngår i leveransar av både tenester og varer til sjukehuset.
I si utgreiing om samfunnsansvar har derfor Helse Bergen eit breitt fokus og gjer ei vurdering av følgjande område
- Innkjøpsområdet (nasjonalt, regionalt og lokalt)
- Arbeidskraft hos kontraktørar (bygg med vidare)
- Arbeidskraft innleigd i Helse Bergen
- Medarbeidarar i Helse Bergen (stillingsprosent og etisk rekruttering)
Av desse vil vi særleg trekkje fram risiko knytt til innkjøpsområdet. Om lag 75 prosent av kjøpsverdien som blir gjort i sjukehuset gjerast frå leverandørar der Sjukehusinnkjøp har inngått kontraktar. Helse Bergen støttar seg her på dei prosessane og vurderingane som vert gjort av innkjøpsføretaket.
Dei resterande kjøpa gjeld innkjøp der Sykehusinnkjøp ikkje inngår og forvaltar kontraktane, og her er det Helse Bergen som må sikre at leverandørane sin produksjonskjede oppfyller krava gjennom å gjennomføre aktsemdvurderingar, slik Åpenhetsloven stiller krav om.
Aktsemdvurderingar
Formålet med aktsemdvurderingane er å få oversikt og vurdere risiko for om det skjer brot på menneskerettane og anstendige arbeidsforhold, både internt i verksemda og hos leverandørkjeder og forretningsforbindelsar.