Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Psykoseforskinga treng deg som har eigenerfaring

PEK (Psykoseforsking med erfaringskompetanse) treng fleire medlemmer. Vi søker deg som har eigenerfaring med psykoselidingar og som er interessert i å lære meir om og bidra inn i forsking om psykose.

Publisert 06.11.2023
Sist oppdatert 04.09.2024

- Brukarmedverknad i forsking kan vere viktig for at forskinga skal bli meir relevant for pasientane den handlar om. Vi kan gi råd til forskarane slik at prosjekta på måtar som er mindre belastande for deltakarane og vi kan også forstå resultata annleis. Vårt perspektiv er nyttig, forklarer Anne Alnes Blindheim som leier PEK.
Blidheim jobber som erfaringskonsulent ved forskingsavdelinga.​​

En kvinne med blått hår
Anne Alnes Blindheim, leiar i PEK

 

- Vi er ei god gruppe på 5 medlemmer i dag, som har det kjekt saman, men vi skulle gjerne hatt 2-3 medlemmer til, seier ho.

PEK søker dei som har eigenerfaring med psykoselidinga og gjerne med erfaring frå forskjellige behandlingsformer. Dei oppfordrar særlig dei som er mellom 18 og 30 år om å søke. Den aldersgruppa har PEK ikkje representert per i dag. Dei som søker må vere i ein stabil fase og vere i stand til å dele av erfaringane sine. Om ein er perosnleg eigna, vil bli vektlagt. Bortsett frå eigenerfaringa, krevst det ingen forkunnskap anna enn viljen til å ville samarbeide på tvers av bakgrunn og til å lære meir.

 

Kva er PEK og kva kan vi tilby?

PEK er eit brukerpanel som består av personar med eigenerfaring med psykoselidingar og pårørande til personar med psykoselidingar. PEK tilhøyrer og er finansiert av forskingsgruppa Bergen Psychosis Research Group, som held til ved Forskingsavdelinga ved Psykiatrisk klinikk Sandviken. PEK har møte éin gong i månaden, møta varer om lag 2 timar og er frå 16.30, stort sett siste onsdag i månaden.
Møta er ofte todelte, litt opplæring og litt framlegg av prosjekt som treng innspel. Det skal vere låg terskel for å bidra og spørje om det er noko ein lurer på. Som medlem av PEK får du ikkje berre fersk tilgang til oppdateringar på lokale forskingsprosjekt, men også moglegheit til å delta på seminar i regi av avdelinga. Alle møta er honorerte.

En illustrasjon som viser et hode og en puslespillbit som passer i hodet

Er​ du interessert?

Send ein søknad innan 20. november med litt om deg sjølv og bakgrunnen din til leiar av Erfaringspanelet for rus og psykisk helse, Ove Vestheim.
E-post: ove.vestheim@helse-bergen.no

Vidare spørsmål kan rettast til
Anne Blindheim
E-post: anne.alnes.blindheim@helse-bergen.no 
Telefon: 948 62 144