Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Vidareutdanning i sjukepleie

Spesialsjukepleiarar og jordmødrer er ein etterspurt og kritisk kompetanse i Helse Bergen. Søk utdanningsstilling hjå oss i følgande spesialitetar: Anestesi, barn, intensiv, operasjon eller jordmor.

Du kan søke løn fra Helse Bergen for å ta vidareutdanning innan sjukepleie.​

Søk på aktuelt studium ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Campus Bergen. Det er årlege opptak, unntatt i barnesjukepleie som har opptak annakvart år (2023 og 2025). 

Talet på utdanningsstillingar er basert på behov og kan variere frå år til år.  Når du har fått bekrefta studieplass ved HVL, kan du søke utdanningsstilling i Helse Bergen via stillingsannonse. 

Desse utdanningane er masterløp over fire semester (master i spesialsjukepleie), men det er mogeleg å avslutte etter tre semester. Utdanningsstilling gir løn i tre semester, til ferdig kvalifisert spesialsjukepleiar, og inneber arbeidsplikt under studiet og bindingstid på to år i etterkant. Når det gjelder masteroppgåve kan du søke permisjon utan løn og utsatt bindingstid (1/2 år).

Søknadsskjema i spesialsjukepleie og meir informasjon på HVL

​​​​

Søk på studiet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Det er årlege opptak.

Talet på utdanningsstillingar er basert på behov og kan variere frå år til år.Når du har fått bekrefta studieplass ved HVL, kan du søke utdanningsstilling i Helse Bergen via stillingsannonse. Jordmorutdanninga er masterutdanning på to år. Utdanningsstilling gir løn under heile utdanninga og inneber arbeidsplikt under studiet og bindingstid på tre år i etterkant.

​Søknadssskjema og meir informasjon om jordmorutdanninga på HVL

Sjukehuset gir årleg utdanningsstillingar til vidareutdanning innan kreftsjukepleie, psykisk helse- og rusarbeid og nyfødtsjukepleie. Tildeling av desse blir gjort i samarbeid med leiarar ved aktuelle avdelingar.

Når det gjeld andre fagspesifikke vidare- og masterutdanningar i sjukepleie blir dette handtert lokalt i dei einskilde einingane.

Utdanningsstillingar blir gitt av sentrale midlar i sjukehuset.

Vilkår

  • 100 % fast stilling; 90 % studietid og 10 % arbeid som sjukepleiar knytt til helg/høgtid under utdanninga.
  • 100 % stilling 4 veker om sommaren
  • 90 % minsteløn som sjukepleiar i studiedelen av stillinga og ordinær løn for arbeid som sjukepleiar helg/sommar
  • Bindingstid i 100 % stilling. Ved behov for redusert stilling aukar bindingstida tilsvarande. 

Arbeidsplikt

Du må arbeide som sjukepleiar i 10 % knytt til helg/høgtid og 100 % i 4 veker om sommaren under utdanninga.

Bindingstid

Den som får utdanningsstilling er sikra 100 prosent fast stilling som spesialsjukepleiar / jordmor i Helse Bergen etter gjennomført utdanning iht. avtale.

  • ABIO: Bindingstid  to år i full stilling
  • Jordmor: Bindingstid tre år i full stilling

Eline Vartdal Sætre
Rådgjevar, Seksjon for kompetanseutvikling
Forskings- og utviklingsavdelinga
Telefon: 918 04 537
eline.vartdal.setre@helse-bergen.no  

Kristina Maria Borge​
Rådgjevar, Seksjon for kompetanseutvikling
Forskings- og utviklingsavdelinga
Telefon: 95 85 70 49
kristina.maria.borge@helse-bergen.no​​

Sist oppdatert 26.08.2023