Behandling
Spesifikk bronkial provokasjon
Spesifikk bronkial provokasjon er eit tilbod til pasientar med mistanke om allergisk yrkesrelatert astma. Metoden vert nytta når vanleg diagnostikk ikkje kan gjennomførast eller gir usikre svar, for å finne det spesifikke årsaksstoffet og ved mistanke om nye årsaksstoff. Diagnostikken gir grunnlag for målretta og effektiv intervensjon overfor deg som pasient, din arbeidsplass og tilsvarende eksponering på andre arbeidsplassar.
Kva er spesifikk bronkial provokasjon?
Før
Dei siste dagane før testen skal du UNNGÅ følgande medisinar:
- Korttidsverkande medisin for astma-anfall – ikkje ta disse mandag.
- Langtidsverkande medisin og/eller kombinasjonsprodukter for astma-anfall – ikkje ta disse laurdag, søndag, mandag.
- Allergitablettar – ikkje ta disse den siste veka før du kjem til oss.
Om du er sjuk, eller har hatt ein luftvegsinfeksjon dei siste to vekene før planlagt utgreiing er det viktig at du tar kontakt så vi kan vurdere om vi må utsetje testen.
Det vil vere aktuelt at du tar med produkter fra din arbeidsplass som du trur du reagerar på. Vi vil i så tilfelle ta kontakt med deg i god tid før utgreiing.
Hos oss er alle inneliggande pasientar (dagpasientar). Det vil si at du er innskrevet som pasient på sjukehuset i behandlingsperioden og får servert lunsj. Om du er frå Bergen og omegn sover du heime, mens tilreisande bur på Haukeland hotell (pasienthotellet) som ligger på sjukehusområdet.
Under
I løpet av utgreiinga vil du møte legar som er lungespesialistar, yrkeshygienikarar og sjukepleiarar/bioingeniørar. Du vil også sannsynlegvis treffe ein arbeidsmedisinar som vil følgje deg opp ved behov når resultatet frå utgreiinga er klart. Vi utgreier ein eller to pasientar i løpet av ei veke.
Utgreiinga vil vanlegvis ta fem dagar, frå måndag til fredag. I nokre tilfelle er vi ferdig med testen torsdag, men dette vil vi ikkje vite før torsdag morgon. Du skal måle lungefunksjonen din (med eit apparat du får låne av oss) kvar time frå du står opp til du legg deg, og vi ber deg planlegge ei relativt roleg veke med få aktivitetar. Det er mogleg at du vil oppleve symptom som liknar det du har hatt på jobben tidlegare, og du vil få mobilnummer til legen slik at du kan ringe direkte dersom du får problem utanom vanleg arbeidstid.
Veiledande timeplan for undersøkinga (kan bli endra undervegs)
Måndag kl. 09.00-16.00:
- Undersøking ved lege, oppsummering av sjukdomshistorie, orientering om kvifor og korleis provokasjonstesten blir gjennomført.
- Gjennomgang av gjeldande yrkeseksponering med yrkeshygienikar.
- Måling av lungefunksjon, nitrogenoksid i utandingsluft og uspesifikk provokasjonstest (metakolintest); blodprøvetaking, allergitesting om relevant.
- Opplæring i bruk av handhalden spirometer.
Tirsdag, onsdag og evt. torsdag kl. 08.30-15.30
- Spesifikk inhalasjonsprovokasjon med eksponering av aktuelt stoff frå arbeidet ditt i provokasjonskammer.
- Test av lungefunksjon, naseundersøking og klinisk undersøking; kvar 15. minutt den første timen etter provokasjonen, deretter kvar time.
Fredag kl. 08.30–14.00 (evt. torsdag)
- Måling av lungefunksjon, nitrogenmonoksid i utandingsluft og uspesifikk provokasjonstest (metakolintest); blodprøvar.
- Avsluttande samtale: Konklusjon av testen og plan for eventuell oppfølging.
Etter
Kontakt
Årstadhuset
Arbeidsmedisinsk poliklinikk
Oppmøtestad
Årstadhuset (gamle KK). Oppmøte i ekspedisjonen i 1. etasje.
Årstadhuset
Jonas Lies vei 72
5021 Bergen